Frelse (av norrønt frelsi, frjalsi, frå frels som tyder 'fri-hals') er eit sentralt omgrep i fleire religionar.
Det inneber ei førestilling om at menneske kan overvinna eller frigjerast frå det ufullkomne. Ulike tradisjonar hevdar ein kan oppnå frelse på ulike måte, anten ved guddommeleg hjelp, som i islam, kristendommen og delar av hinduismen eller ved si eiga kraft, som i fleire dharmiske (indiske) religionar, som buddhismen og andre delar av hinduismen.
Kva ein treng frelse frå kan definerast ulikt blant dei ulike tradisjonane. Innan kristendommens og til ein viss grad også jødedommen og islam søker ein frelse frå synd og følgjene av synd. Indiske religionar søker gjerne frelse frå samsara, den endelause livssyklusen.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Frelse, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.