Det franske koloniriket er områda utanfor Europa som var under fransk styre frå 1600-talet til seint i 1960-åra (enkelte ser på det franske styret på stader som Ny-Caledonia som eit framhald av dette koloniriket).
På 1800- og 1900-talet var koloniriket til Frankrike det nest største i verda etter Det britiske imperiet. Det franske koloniriket strekte seg over 13 500 000 km² då det var på høgda i 1920- og 1930-åra. I lag med sjølve Frankrike utgjorde dei franske områda 24 000 000 km² på det meste, som er 17,8 % av den totale landoverflata til jorda.
Frankrike starta å opprette koloniar i Nord-Amerika, Karibia og India, etter at Det spanske riket og Det portugisiske riket hadde oppnådd suksess under oppdagingstida. Frankrike kappast med Storbritannia om å få herredømeover dei nye koloniane. Ei rekkje krigar med Storbritannia på 1700-talet og tidleg på 1800-talet som Frankrike tapte gjorde at dei gav seg med ambisjonane om å halde på koloniar på desse kontinenta, og med det enda det enkelte historikarar kallar et «første» franske koloniriket. På 1800-talet oppretta Frankrike eit nytt rike i Afrika og Søraust-Asia. Somme av desse koloniane eksisterte lenger enn invasjonen og okkuperinga av Frankrike av Nazi-Tyskland under den andre verdskrigen.
Etter krigen starta anti-kolonirørsler å utfordre dei franske styresmaktene. Frankrike kjempa bitre krigar i 1950- og 1960-åra i Vietnam og Algerie for å halde på koloniane. Mot slutten av 1960-åra hadde dei fleste franske koloniane fått sjølvstende, bortsett frå ei rekkje øyar og øygrupper som i dag er ein del av dei oversjøiske områda til Frankrike. Desse dekkjer totalt 123 150 km², som berre utgjer om lag 1 % av det franske koloniriket frå før 1939. I 2009 hadde desse områda 2 624 505 innbyggjarar.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Det franske koloniriket, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.