Forbrukarrådet

Forbrukerrådet er ein uavhengig interesseorganisasjon som hjelper forbrukarane og påverkar styresmakter og næringsliv i ei forbrukarvennleg retning gjennom rettleiing av forbrukarar, forbrukarpolitikk og marknadsportalar.

Rådet vart stifta i 1953 for å gi styresmaktene råd på vegne av forbrukarane. Forbrukerrådet gav tidlegare ut bladet Forbrukerrapporten. Bladet kom ut for første gong i 1958 og vart lagt ned vinteren 2010, etter 52 år i drift.

Forbrukarrådet
Org.formOrganisasjonsledd
Org.nr.871033382
Skipa7. juli 1953
MorselskapBarne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet
HovudkontorOslo
LandNoreg
Nettstadhttps://www.forbrukerradet.no/

Forbrukerrådet er statleg finansiert, men fristilt politisk frå overordna departement (Barne- og familiedepartementet), med særskilde fullmakter, eige styre og eigne vedtekter fastsette ved kongeleg resolusjon. Direktør i Forbrukerrådet er Inger Lise Blyverket. Forbrukerrådet sitt styre blir leia av Anne Kathrine Slungård.

Oppgåver

Forbrukerrådet må ikkje bli forveksla med Forbrukartilsynet (tidlegare Forbrukarombodet). Medan Forbrukerrådet driv rådgjeving og politisk arbeid, fører Forbrukartilsynet tilsyn med marknadsføring og avtalevilkår, etter mellom anna marknadsføringslova. Frå 1. januar 2020 vart tvisteløysingsarbeidet flytta frå Forbrukerrådet til Forbrukartilsynet, det same vart Forbrukar Europa.

Klagenemnder

Forbrukerrådet er representert i ei rekke klagenemnder, slik som Finansklagenemnda, Boligtvistnemnda, Transportklagenemnda og Parkeringsklagenemnda.

Forbrukarpolitikk

Ei av Forbrukerrådet si oppgåver er å drive interessepolitisk arbeid mot styresmakter, organisasjonar og næringsdrivande og å setje forbrukarspørsmål på dagsorden i samfunnsdebatten. I nokre tilfelle er ikkje regelverket godt nok, og då jobbar Forbrukerrådet politisk med å styrke det rettslege forbrukarvernet. I andre tilfelle går arbeidet ut på å påverka korleis konkurransesituasjon og marknader fungerer. Dei prioriterte politikkområda i strategiperioden 2021–2025 er skifta til eit berekraftig samfunn, digital utvikling og økonomisk sårbarheit.

Samanlikningstenester

Forbrukerrådet har verktøya finansportalen.no og strømpris.no, som har som mål å gi forbrukarane korrekt, oppdatert og samanliknebar informasjon om prisar på bustadlån, forsikringar, pensjon og straum. Dette ut frå eit syn om at pris- og kvalitetsbevisste forbrukarar bidrar til auka konkurranse, rette prisar og effektivitet i økonomien. Portalane skal gjere det vanskelegare å utnytte forbrukarane sin manglande kunnskap om marknaden.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Tags:

Forbrukarrådet OppgåverForbrukarrådet ForbrukarpolitikkForbrukarrådet SamanlikningstenesterForbrukarrådet KjelderForbrukarrådet BakgrunnsstoffForbrukarrådet

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

IP-adresseAnne HoltAustvågøyPetter NorthugSauTokyoTorinoJa, vi elsker dette landetHønsehaukØyvind AlsakerVenstreAbrasivFriksjonStaudeEngelskSérresNorske passasjerar ombord på RMS «Titanic»LeireØresundbruaTidsskriftet ForbesStillehavetBerlinblokadenFilmserien Harry PotterEnsembleEkstremvêret KristinBlåmannHelheimDei fire årstideneBiologisk familieAsbjørnsen og MoeNew York byTrekanthandelPlaneten JupiterEdderkoppar i kulturenJeg vil hjem til menneskenePiscoTyrkiaKvadratmeterNasjonaldraktProfil-opprøretKvadratkilometerValgerd Svarstad HauglandDet tyske herrelandslaget i fotballChampions LeagueMosesMolde kommuneDanskJesusNorsk ytre språkhistorieZinédine ZidaneWish You Were HereVerdsvevenMusikalFreddie MercuryEli Kari GjengedalOddDet buddhistiske livshjuletInga frå VarteigTønsberg kommuneIvar AasenSør-AfrikaMusculus latissimus dorsiEmma EllingsenTigerEsperantoNoregsmeisterskapen i fotball for menn 1973NasjonalplantarHarry PotterOboHar SedomIltalehtiRosenborg BallklubFleetwood Mac🡆 More