Flying Teapot Studioalbum av Gong | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 25. mai 1973 | |
Innspelt | Januar 1973 | |
Studio | The Manor Studios i Oxford | |
Sjanger | ||
Lengd | 39:45 | |
Selskap | Virgin | |
Produsent | Giorgio Gomelsky | |
Gong-kronologi | ||
---|---|---|
Continental Circus (1972) | Flying Teapot | Angel's Egg (1973) |
Flying Teapot er det tredje studioalbumet til den progressive rockegruppa Gong, gjeve ut på Virgin Records i mai 1973. Det var den andre utgjevinga til Virgin (V2002) og kom ut same dagen som den første utgjevinga deira, Mike Oldfield sitt Tubular Bells (V2001). Det kom ut på ny seinare på året med eit anna plateomslag på BYG Actuel i Frankrike og Japan. Albumet vart spelt inn i Virgin sitt Manor Studios i Oxfordshire i England, og vart produsert av Giorgio Gomelsky.
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic |
Albumet har undertittelen Radio Gnome Invisible, Part 1, og er den første i trilogien Radio Gnome Invisible, i lag med Angel's Egg i desember og You i oktober året etter. Denne trilogien dannar ein sentral del i Gong-mytologien. The Flying Teapot-ideen i seg sjølv var inspirert av Russells tekanne. Det var det første Gong-albumet med den engelske gitaristen Steve Hillage, sjølv om han medverka relativt lite då han kom inn seint i innspelingsprosesssen. I følgje Daevid Allen «kom Steve Hillage seint, men det var ikkje mykje rom att. Han spelte noko rytmisk wah wah, nokre jazza akkordar og ein space-aktig solo på 'Flying Teapot'.»
I spesialutgåva til magasina Q & Mojo kalla Pink Floyd & The Story of Prog Rock, er albumet på 35. plassen på lista over «40 Cosmic Rock Albums».
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Radio Gnome Invisible» | Daevid Allen | 5:32 |
2. | «Flying Teapot» | Allen, Francis Moze | 12:30 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
3. | «The Pot Head Pixies» | Allen | 3:00 |
4. | «The Octave Doctors and the Crystal Machine» | Tim Blake | 2:00 |
5. | «Zero the Hero and the Witch's Spell» | Allen, Blake, Christian Tritsch | 9:45 |
6. | «Witch's Song / I Am Your Pussy» | Gilli Smyth, Allen | 5:10 |
Total lengd: | 39:45 |
Den originale lista over medverkande var som følgjer:
I røynda var dei medverkande:
Alle CD-utgåver har ein forkorta versjon av sporet «Flying Teapot», som vart korta ned frå 12:30 til 11:52 og ein forkorta versjon av «The Octave Doctors And The Crystal Machine» som vart korta ned frå 2:00 to 1:51, i tillegg til «Zero The Hero and the Witches Spell» som vart korta ned frå 9:45 til 9:38. Dette har skapt mykje kontrovers og vore skuffande for fans av det originale albumet.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Flying Teapot, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.