Flodørn (Haliaeetus vocifer) er ein fugleart i haukefamilien.
Flodørn | |
Frå Lake Baringo, Kenya Foto: Mehmet Karatay | |
Status | |
Status i verda: Livskraftig | |
Systematikk | |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Underklasse: | Neognathae |
Overorden: | Neoaves |
Orden: | Haukefuglar Accipitriformes |
Familie: | Haukefamilien Accipitridae |
Slekt: | Haliaeetus |
Art: | Flodørn H. vocifer |
Vitskapleg namn | |
Haliaeetus vocifer Daudin, 1800 |
Han er ei afrikansk ørn i slekt med havørn. Flodørn er nasjonalfuglen til Zimbabwe og Zambia.
Flodørn er ein stor ørneart der hoa (3,2-3,6 kg) er større enn hannen (2-2,5 kg). Hoa har eit vengespenn på rundt 2,4 meter, medan spennet til hannen er omtrent 2 meter. Kroppen er hovudsakleg brun med svarte store venger. Hovudet, brystet og stjerten er kvit og han har gult nebb med ein svart tipp.
Flodørn lever hovudsakleg av fisk, som ho jaktar på frå tre. Ho stupar ned til vatnet, fangar fisken med klørne og et han oppe i treet att. Flodørn lever i Afrika sør for Sahara og er vanleg nær ferskvassjøar og elvar. Fuglen kan også nokre gonger halda til ved kysten ved elvemunningar og lagunar.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Flodørn, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.