Flatbrød

Flatbrød er tynne leivar av brød steikt av ein usyra deig av mjøl og væske.

Flatbrød er eit spesielt norsk produkt som elles berre finst i Nord-Sverige og Nord-Skottland.

Flatbrød
Brødkorg med flatbrødleivar

Alle slag mjøl kan brukast til å laga flatbrød, men havre og bygg er vanlegast. Dette er ofte blanda med rug, potet eller ertemjøl. Væska er oftast vatn, men mjølk kan òg stundom brukast.

Flatbrød er kjent sidan slutten av 1000-talet. Det blei tradisjonelt bakt på gardane, før fabrikkproduksjon gradvis tok over på 1900-talet.

Bruk

Flatbrødet kan etast tørt saman med middagsmaten eller knusast og lagast til soll. I tradisjonelt norsk kosthald blir flatbrødet gjerne bruka som tilhøyr til middagen — til dømes saman med spekemat, kjøtsuppe eller saltfisk.

Flatbrød 
Flatbrødbaking. Måleri frå 1904 av Nico Jungman.

Tradisjonell baking

For å baka flatbrød kjevler ein deigen tynt ut og steiker han på takke. Tjukkleiken skal vera nokre millimeter og diameteren på dei runde leivane er typisk rundt 60 cm. Flatbrødutkjevling var inga enkel sak og gjorde bakstekjerringa populær og etterspurd.

Flatbrød vart bakt på gardane i samband med lefsebaksten. Oppskrifta kunne variere lokalt når det gjaldt tilhøvet mellom dei ulike mjølsortane, men det måtte vere ei viss mengd kveitemjøl i for å halde blandinga saman.

Lagring

Tradisjonelt vart dei lagra i stablar på stabbur eller loft. Det var haldbart i minst eit år, om ikkje lengre, og det vart ikkje så lett skjemt som mjøl kunne bli.

Dersom flatbrødet hadde trekt til seg fukt under lagring kunne det strøast opp eller skjerpast.

Industriell produksjon

Flatbrød vart frå tidleg på 1900-talet òg framstilt industrielt og selt pakkevis. Dette inneheld ofte litt meir grovfiber enn det heimebakte. Ein av dei kjente flatbrødfabrikkane i Noreg er Vestfold Flatbrødfabrikk som låg på stasjonsbyen Barkåker i Tønsberg. Eit av dei mest selde flatbrøda er Mors flatbrød frå Stabburet.

Liknande bakverk

Lefse

Lefse vart bakt og lagra på same viset som flatbrød, men i motsetnad til flatbrødet blir fukta like før bruk slik at det blir mjukt.

Ertebrød

På austlandet har òg ertebrød eller erterbrød bakt med ei tilsetjing av mjøl male av gule erter vore populært. Erterbrød blir produsert kommersielt av Holmen Crisp i Noreg.

Potetflatbrød

I potetflatbrødet er hovudingrediensen potet med litt mjøl.

Tunnbrød

Norske flatbrød inneheld i utgangspunktet ikkje gjær eller bakepulver — i motsetnad til dei fleste variantane av svenske tunnbröd.

Knekkebrød

Knekkebrød er grovare og tjukkare enn flatbrød. Svenske og finske fabrikantar leverer mange variantar av desse, men ein kan framleis finne norsk flatbrød i butikkhyllene.

Sjå òg

Kjelder

«flatbrød» i Store norske leksikon, snl.no.

Bakgrunnsstoff

Flatbrødmerke

Tags:

Flatbrød BrukFlatbrød Tradisjonell bakingFlatbrød LagringFlatbrød Industriell produksjonFlatbrød Liknande bakverkFlatbrød Sjå ògFlatbrød KjelderFlatbrød BakgrunnsstoffFlatbrødLeivUsyra brød

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

MHar SedomSkognPierre CochereauMosesDet italienske flaggetFormannskapSør-AfrikaTyrkiaIslamNasjonalplantarElvar i RomaniaZinédine Zidane1900-taletDet ukrainske alfabetetTonari no TotoroEx-utstyrAnna MolbergGisøyaElvar i RusslandVladimir PutinBodø kommuneStorsnøstjerneNasjonal SamlingSofie MarhaugFaryngittWienerklassisismenLitauenDesta Marie BeederProfil-opprøretErik SolbakkenSovjetunionenCaesareaSunnhordlandske ord og vendingarStore norske leksikonStord kommuneRumpeldunkPeter Wessel TordenskjoldKelvinByggMargrethe II av DanmarkHjortetakksaltKjerringErling Braut HaalandLovChris BrownMekkaThor HeyerdahlHalsnøybåtenAxetelNasjonaldrikkFonnesEngelskDet norske alfabetetTandemboggiWiki CommonsParagrafAgnetha FältskogGjærKaptein SabeltannCharles DarwinDet russiske alfabetetSlaveRagnar Lodbrok17. aprilProfesjonOslo kommuneFilmserien Harry PotterHelena BrodtkorbDen amerikanske grunnlovenJohann Sebastian BachHøgaste fjell i EuropaKredittkortJorda🡆 More