Filmmusikk er musikk som er komponert spesielt for bruk i film, men det kan også omfatte annan musikk.
Vanlegvis bruker ein musikk som dette til stemningsskapar i film, ved at musikken understrekar ei eller fleire hendingar i handlinga, eller ved at ein eller fleire av rollefigurane blir gjeve eit spesielt musikalsk tema. Eit døme på det siste er «Imperial March»-temaet (komponert av John Williams) som symboliserer det galaktiske imperiet og Darth Vader i fem av dei seks Star Wars-filmane.
Filmmusikk er som regel ikkje-diegetisk. Det vil seie at den ikkje kjem frå ei synleg kjelde på skjermen. Det finst unntak, som i filmen Vill vest (Blazing Saddles) av Mel Brooks frå 1974, der ikkje-diegetisk filmmusikk blir parodisert ved at Count Basie and his Big Band plutseleg dukkar opp «i bilete» under avspelinga av ein melodi.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Filmmusikk, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.