Mary Poppins er ein spelefilm produsert av Walt Disney frå 1964.
Filmen er basert på barnebøkene om Mary Poppins, skrivne av Pamela Lyndon Travers. Bøkene og filmen handlar om ein engelsk dagmamma med ein magisk paraply som ho kan flyga med.
Filmen var den femte animasjonsspelefilmen Disney produserte. Han hadde première 27. august 1964 og varer i 133 minutt. Julie Andrews har hovudrolla som Mary Poppins, Dick Van Dyke spelte Bert, David Tomlinson spelte Herr Banks og Glynis Johns spelte Fru Banks.
Filmen inneheldt fleire artige songar, til dømes Supercalifragilisticexpialidocious og A Spoonful of Sugar som har vorte kjende i ettertid. Filmen vart svært populær og fekk heile fem Oscar-prisar. (Han var nominert i 13 kategoriar.) Han har også vorte dubba til norsk.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Filmen Mary Poppins, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.