Festival

Festival (via engelsk, frå latin festivalis, 'som gjeld ein fest') er ei stor tilskiping som typisk blir halde regelfast og har eitt eller fleire hovudtema, som kultur, musikk eller ei religiøs høgtid.

Ein kan feira festivalar med samlingar, mat, musikk, dans, framsyningar, utstillingar, utkleding, opptog, tevlingar og ulike tilstellingar.

Festival
'Sardingravferda' av Francisco Goya, måla etter 1812
Festival
Kyrkjeinnviingsfestivalen ved St. Rochus nær Ljubljana på 1830-talet

Nokre døme på festivalar er musikkfestival, filmfestival, dansefestival, matfestival, hagefestival, handverksfestival og revyfestival.

Tradisjonar

Mange festivaler har religiøst opphav, og knyter saman kulturell og religiøs tyding med tradisjonelle aktiviteter. Dei viktigaste religiøse høgtidene som jul, rosj hasjanah, dipavali, id ul-fitr og id ul-adha markerer året som går. Andre, som haustfestar, kan feira endringar i årstidene og grøderikdom. Hendinga av historisk tyding, som viktige militære sigrar eller andre nasjonsbyggande hendingar kan også gje opphav til ein festival. Eit tidleg døme på dette er festivalen etablert av farao Ramses III i Det gamle Egypt til minne om sigeren hans over libyarane. I mange monarki kan ein feira dynastiske hendingar som festivalar, som kroningar, kongelege bryllaup og jubileum. Nasjonaldagar kan også feirast som festivalar.

Religiøse festivalar

I mange religionar kan ein feira ein gud, gudar eller ei religiøs hending med ein fest eller festival. Dei fleste religionar har høgtider som blir markerte kvart år, og nokre av dei, som pesah, påske og id ul-adha, er rørlege merkedagar – det vil seia at dei følgjer månefasar, jordbrukssyklusar eller ein eldre kalender eller hending. Den gammalegyptiske sedfestivalen blei til dømes halden i det trettiande året til styretida for ein farao, og deretter kvart tredje år etter det (eller i eit høve kvart fjerde). Nokre hindufestivalar som kumbh mela og mahamaham følgjer ein tolvårssyklus der ein held feiringa kvart tolvte år, og kvar tolvte syklus (kvart 144. år) kan ha ei ekstra stor markering.

Det kristne kyrkjeåret har to hovudfestar, feiringa av fødselen til Kristus (jul) og feiringa av gjenoppståinga hans (påske), men mange kristen retningar feirer også mindre høgtider for helgenar, som lokale vernehelgenar. Innan katolsk, ortodoks og anglikansk kristendom er det eit stort tal mindre helgenfestar gjennom heile året.

Buddhistiske religiøse høgtider, som esala perahera, blir feira i land som Sri Lanka og Thailand. Hindufestivalar som holi, dipavali, dussjera og makar sankranti kan førast langt tilbake i tid. Sikhar feirer vaisakhi som ein festival ved byrjinga av nyåret og opprettinga av khalsaen.

Festivalar knytte til årstider

Årstidsfestivalar, som midsommar og beltane, blir fastsette av sol- og månekalendrar og av endringar i årstidene. Desse er særleg knytte til mattilgang, slik at det finst eit stort utval av haustfestar både i gammal og nyare tid. Dei gamle egyptarane var avhengige av dei årlege flaumane frå Nilen, ei form for vatning som også tilførte næring til jorda. I Alpane markerer ein heimvendinga til feet frå fjellbeite til fjøsa i dalane om hausten med festivalen Almabtrieb. Kinesisk nyttår er ein vinterfestival fastsett av den kinesiske månekalenderen som blir feira frå dagen til den andre nymånen etter dongzhi, eller vintersolkverv. Dreefestivalen til apatanifolka frå Lower Subansiri District i Arunachal Pradesh blir feira kvart år frå 4. til 7. juli der ein ber om ei stor avling.

Midsommar eller jonsok er både ein årstidsfestival knytt til sommarsolkverv og ein helgenfest knytt til den heilage Johannes. Dagen er særleg viktig i Sverige. Vinterfestivalar feirar ulike sider ved vinteren, som kreativ bruk av snø og is og ulike vinteridrettar.

Kulturfestivalar

Det finst ei rekkje generelle kulturfestivalar og festivalar med meir spesifikke emne, som vitskapsfestivalar, litteraturfestivalar og musikkfestivalar. Nokre underkategoriar er komediefestivalar, rockefestivalar, jazzfestivalar; poesifestivalar, teaterfestivalar og forteljarfestivalar; og historie-inspirerte festivalar som mellomalderfestivalar. På Filippinane har ein i tillegg til ulike festivalar i løpet av året ein nasjonal kulturmånad i februar.

Filmfestivalar omfattar framsyningar av ulike filmar, og kan dela ut viktige filmprisar. Nokre av dei best kjende filmfestivalane er Berlin internasjonale filmfestival, Filmfestivalen i Venezia og Cannes filmfestival.

Nokre kulturfestivalar kan vera knytte til identitet, i form av minoritetskulturar, som Nordic Fest eller Norsk Høstfest i USA, som feirar skandinavisk kultur, Melafestivalen i Oslo som feirar kunst og kultur som har kome til Noreg gjennom innvandring, og pridefestivalar til støtte for LHBT+-identitet.

Matfestivalar

Matfestivalar kan feira mat og drikke generelt, lokalt eller knytt til visse produkt. Nokre matfestivalar feirer einskilde matvarer, som National Peanut Festival i USA eller Galway International Oyster Festival i Irland. Andre kan feira særskilde typar drikke, som den kjende tyske ølfestivalen Oktoberfest eller ulike vinfestivalar, som den verdsomspennande feiringa av beaujolais nouveau, der den nye vinen blir frakta rundt til heile verda og smakt på den fyrste torsdagen i november kvart år. Både beaujolais nouveau og den japanske risvinen sake er knytte til innhaustingstida.

Sjå òg

Kjelder

Festival  Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.

Tags:

Festival TradisjonarFestival Sjå ògFestival KjelderFestivalKulturMusikk

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Telemark fylkeEwokDUF-nummerTor MidtbøIvar AasenItaliensk salatDet internasjonale fonetiske alfabetetBorneoLivlegeChifferQohir RasulzodaSki-VM 2009Led ZeppelinKonveksjonSebuSantoríniCate BlanchettChampions LeagueSaltAndre verdskrigenArtArif MardinVestfold fylkeChristianiaMohammed bin SalmanDen dominikanske republikkenEselOla Vigen HattestadHar SedomMalaysia Airlines Flight 370Finn-Erik VinjeTrekkvognElvis PresleyMahabharataH.C. AndersenAstronomMarc ChagallOslolosenJerry ReedOseaniaRomsonden PsycheOksholaGneisThe TimesPrositLigue 1Vera RubinHello WorldLongenestindenTinkerhestSiouxsie SiouxKarbondioksidWattensMallorcaSymbol i hinduismenSverre Tom RadøyErosTransferfunksjonRandi FørsundTrygve LieAksel HennieRakiaÅse KlevelandGlenn HughesBrusselHans Erik TofteOmanTroms fylkeBuAllis-Gleaner Company CorporationKleopatraTony WilliamsJantelovenLagerthaDomitian av RomarriketMalena ErnmanNasjonalplantar🡆 More