Farmakologi er vitskapen om effekten til legemiddel og blant anna opptak i kroppen.
Feltet blir tradisjonelt delt i to: Farmakodynamikk og farmakokinetikk.
Farmakodynamikk er kunnskapen om effekten legemidla har på kroppen, korleis og kvar hen dei verkar. Dei aller fleste legemiddel verkar ved at dei bind seg til reseptorar i cellene. Legemiddelet tar så og enten blokkerer verkestoffa til cellene eller forsterkar dei.
Farmakokinetikk er kunnskapen om korleis legemiddel blir opptekne, fordelte, brotne ned og til slutt utskilde ifrå kroppen. Levra spelar ei sentral rolle i korleis legemidla blir nedbrotne. Organet har rik blodstrøyming og enzyma som arbeider her kan raskt ta opp verkestoffa ifrå ei rekkje ulike medisinar. Redusert nyrefunksjon er ei av dei viktigaste årsakene til nedsett halveringstid i kroppen. Eldre personar blir gjerne utsette for nedsett nyrefunksjon.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Farmakologi, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.