Fantomet, opphavleg The Phantom, er ein maskert teikneseriehelt som er kjend i ei rekke land.
Figuren er skapt av Lee Falk, og stammar frå seriestriper i dagsavisene i Sambandsstatane, der han heiter The Phantom.
The Phantom vart skapt av Lee Falk og Ray Moore i 1936. I dag er serien mest populær i Noreg, Sverige, Finland, Australia og India, og han har eige serieblad i alle desse landa. I dei nordiske landa kjem bladet ut på Egmont forlag, i Australia på forlaget FREW, og i USA på Moonstone Books. I Noreg har bladet kome ut sidan 1964. I 1987, 88, 89 og 97 har Fantomet kome i eige julehefte.
Fantomet er òg blitt filmatisert ei rekke gonger, sist i 1996 med Billy Zane i hovudrollen.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Fantomet, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.