Fédération Cynologique Internationale (FCI) er ein profittfri medlemsorganisasjon og topporgan for ei rekkje nasjonale kennelklubbar rundt om i verda, som til dømes Norsk Kennel Klub i Noreg og dei andre kennelklubbane i Norden.
Organisasjonen har som føremål å take seg av dei tilhøva ved oppdrett av hundar og hundesport som har med kynologi (fransk: cynologie) å gjere; det vil seie at foreininga godkjenner og registrerer standardar for hunderasar og kva for kjenneteikn ved ein hund som må vere til stades for at hunden er rasetypisk og raserein.
Fédération Cynologique Internationale | |||
| |||
Skipa | 22. mai 1911 | ||
---|---|---|---|
Hovudkontor | Thuin | ||
Tilsette | 435 | ||
Nettstad | http://www.fci.be/en/ |
Fédération cynologique internationale vart skipa 22. mai 1911 av representantar for Tyskland (Kartell für das Deutsche Hundewesen und Die Delegierten Kommission), Austerike (Osterreichischer Kynologenverband), Belgia (Société Royale Saint-Hubert), Frankrike (Société centrale canine) og Nederland (Raad van Beheer op Kynologisch Gebied in Nederland), og har hovudkontoret i Thuin (vallonsk: Twin) i Belgia. Organisasjonen har status som ei samanslutning utan profittføremål etter belgisk lov.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. (2023) |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Fédération Cynologique Internationale, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.