Eventyr om det dumme trollet er ei gruppe eventyr som handler om eit overnaturleg vesen, som eit troll eller djevelen, som blir narra av eit menneske.
Dei har AT-nummer 1000-1199.
Det kanskje best kjende norske eventyret innan denne gruppa er «Askeladden som kappåt med trollet» (AT 1000ff). Eit anna kjend eventyr er «Kjetta på Dovre» (AT 1161).
Eit anna vanleg motiv i eventyr om det dumme trollet er mannen som har kjøpslått med djevelen og dermed opplever eit overnaturleg hell eller er utruleg dyktig i alt han gjer, men som når tida er inne lurer djevelen som kjem for å henta han. Motivet finst i «Smeden som de ikke turte slippe inn i helvete» og i «Skipperen og Gamle-Erik».
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Eventyr om det dumme trollet, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.