Erkeengel tyder den øvste engelen eller overengelen.
Uttrykket forekjem aldri i fleirtal i Bibelen. I nynorske bibelomsetjingar frå 1921 til 1985 er ordet «yverengelen», seinare «overengelen», bruka. I bibelomsetjinga frå 2005 står det i Judas 9 om «erkeengelen Mikael».
Det finst likevel kristen tradisjon for at vi har fire erkeenglar: Mikael, Gabriel, Rafael og Uriel. I ortodoks kristendom snakkast det nokre gonger om at det er sju, og dei omfattar i tillegg til desse Selafiel, Jegudiel og Barakiel. I islam snakkar ein om fire erkeenglar, i jødedommen om sju.
Andre kristne retningar (som f.eks. Jehovas vitne) meiner at det berre er éin erkeengel, Mikael. Til stød for dette synet nemner dei Matteus 28:18 der Jesus seier: ««Eg har fått all makt i himmelen og på jorda», og trekker den slutninga at erkeengelen Mikael er identisk med Jesus Kristus.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Erkeengel, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.