Erik Hoftun: Norsk fotballspelar
Erik Hoftun er ein tidlegare norsk fotballspelar og no trenar/leiar innan fotballen.
Erik Hoftun (fødd 3. mars 1969) er ein tidlegare norsk fotballspelar og no trenar/leiar innan fotballen. Han arbeider for Rosenborg Ballklub. Hoftun kjem frå Hemne kommune.
Erik Hoftun | |
Fødd | 3. mars 1969 (54 år) Kyrksæterøra |
Yrke | fotballspelar |
Erik Hoftun på Commons |
Trenar/leiarkarriere
Sidan Januar 2008 har han vore tilsett som assiterande sportsleg leiar i Rosenborg Ballklub, klubben han spela for i nesten heile si spelarkarriere. Under vårsesongen 2008 var Hoftun assistenttrenar for hovudtrenar Trond Henriksen i same klubb. Som sagt blei Hoftun i utgangspunktet henta til klubben som assisterande sportsleg leiar, men då sportsdirektør Knut Thorbjørn Eggen vart sjukmeld og seinare sa opp stillinga som sportsdirektør har Hoftun også har/hatt mange av Eggen sine arbeidsoppgåver.I 2007 kombinerte Hoftun sportssjef-jobb i Bodø/Glimt med å samstundes spele for Adeccoliga-klubben.
Spelarkarriere
I ei årrekkje spelte Hoftun midtstoppar på Rosenborg. Han har og spelt 30 kampar for det norske landslaget. Hoftun er ein av relativt få norske landslagsspelarar i nyare tid som aldri har spela for eit aldersbestemt landslag.
Hoftun starta seniorkarrieren sin i den lokale 3.divisjonsklubben KIL/Hemne. I 1992 reiste han til Molde, der han raskt blei fast inventar på førstelaget. Han spela to sesongar i Molde før han blei kjøpt av Rosenborg i 1994. Som Rosenborg-spelar har Hoftun vore med på å vinne 11 seriemeisterskap, og spelt ei rekkje kampar i Mesterligaen. Heile 6 år på rad - åra 1995 til 2000 vann Erik Hoftun Kniksenprisen som beste forsvarar. Ingen andre aktive fotballspelarar har vunne Kniksenprisen meir enn 3 år på rad, eller meir enn 4 prisar totalt.
Hoftun var med i den norske VM-troppen i Frankrike-VM i 1998, men sat på benken gjennom heile turneringa. Han ville truleg fått spele i EM-sluttspelet to år seinare, men måtte melde fråfall grunna skade.
Hoftun hadde ingen planar om å gje seg som fotballspelar med det første trass i sin høge alder. 20. juli tok Hoftun konsekvensane av lite speletid i Rosenborg og signerte for eliteseriekollegaen Bodø/Glimt. Han spela for Glimt fram til han la opp etter 2007-sesongen.
Karriere som spelar
(Sist oppdatert 31. oktober 2007)
Klubb | Kamper* | Mål* | Periode |
---|---|---|---|
![]() | ? | ? | ????-1991 |
![]() | 44 | 5 | 1992-1993 |
![]() | 276 | 14 | 1994-2005 |
![]() | 53 | 2 | 2005-2007 |
* Berre seriekampar.
Karriere som trenar/leiar
Klubb | Stilling | Periode |
---|---|---|
![]() | Spelande sportssjef | 2005-2007 |
![]() | Assistenttrenar | Januar 2008 - Juni 2008 |
![]() | Ass. sportsleg leiar | Januar 2008 - |
Bakgrunnsstoff
- «Erik_Hoftun» i Store norske leksikon, snl.no.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Erik Hoftun, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply. (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 3.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
#Wikipedia® is a registered trademark of the Wikimedia Foundation, Inc. Wiki (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wikimedia Foundation.