Emneknagg

Ein emneknagg (engelsk hashtag) er symbolet # følgt av eit ord eller ein frase utan mellomrom mellom # og påfølgande bokstav eller tal.

Ein emneknagg legg til metadata og knyter meldingar saman. Bruk av emneknagg forenklar søk i sosiale nettverk som Twitter, Facebook, Google+ og Instagram og representerer ein ny måte å søke etter informasjon på. Bruk av emneknaggar vert kalla «folksonomi», som er ei form for sosial bokmerking der brukarane sjølv vel ord og formuleringar i staden for taksonomiar laga av ekspertar.

Emneknaggar tillèt berre eitt ord og vert ofte laga ved at ein utelèt mellomrommet mellom ord. Ein aukar lesbarheita ved å bruke stor bokstav inne i samansetjinga (CamelCase).

Chris Messina introduserte emneknagg på Twitter 23. August 2007, men Twitter avviste ideen i byrjinga. Den fyrste utbreidde bruken kom i oktober 2007 då lokale journalistar nytta emneknaggen #SanDiegoFire for å kvitre om ei rekke skogbrannar i San Diego.

Symbolet # følgt av eit ord vart nytta i PDP-11 på 1970-talet og i programmeringsspråket C i 1978. På IRC blir # brukt for å gje namn til grupper og emne.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Tags:

EngelskFacebookInstagramSosialt nettverkTwitter

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

IPhoneVólviIndonesiaAl KooperHepatitt C-virusJamvektAnne HoltBobby Brown Goes DownHøgnorskSelma LagerlöfSpekkhoggarEtiopiaTownes Van ZandtTrågTjeldGarij NapalkovStord kommuneVerdas landRobbie WilliamsMick TaylorOpus DeiRubina RanaHieroglyfmarihøneTerje RypdalIvar AasenTito JacksonTranskjønnJoe SouthLyrikarKjærleikLena Meyer-LandrutRSSNazismeGrønsisikSerena WilliamsAnarchy OnlineEdderkoppar i kulturenFader vårFonografEau de vieCross Road BluesFruktdyrkingMarokkoSverigeRøsslyngslektaTil ungdommenOreókastroAndMidsommarKoparslagararSørkoreansk wonOve AunliRepublikken KomiBlind FaithLago di LivignoEinar FørdeMarikkenRaufossSystem of a DownAnanasVêrradarThe Rime of the Ancient MarinerPeter SellersThe Diving BoardHardy-gutteneGunnhild SundliSusanne SundførKattMorten SandøyKelly ClarksonSteve MillerAndre verdskrigenHarald MæleNautisk milSimpelt fleirtalLundefuglMaiRaude hundar🡆 More