Elisabet, Elisabeth og Elizabeth er bibelske kvinnenamn som er utbreidd i heile den kristne verda.
Namnet finst i fleire variantar, tilpassa dei fleste språka i Europa. «Elisabet» er ein gresk variant av det hebraiske Elisjeba (אלישבע), som tyder 'Gud (Elohim) er fullkomen'.
Elisabet(h) vart svært populært i Noreg i andre halvdel av det tjuande hundreåret. Det nådde ein topp som babynamn rundt 1980, men har sidan mista popularitet. Elisabeth har namnedag 19. november i alle dei skandinaviske landa.
Elisabeth er mest kjend som mora til Johannes døyparen. Som Isak var han eit mirakelbarn mora fekk på sine eldre dagar etter å ha gjeve opp håpet om barn. I det gamle testamentet finn me òg ei Elisabeth, ho var kona til Aron. Bibelen fortel at den yngre Elisabeth var av Aron si slekt. Innan seinare kristendom blei også den heilage Elisabeth av Thüringen ein viktig helgen.
Namnet blei etter kvart mykje brukt av kongelege, noko som gjorde mykje til at det blei spreidd. Den heilage Elisabeth som levde på ellevehundretalet var ei ungarsk kongsdotter som blei fransiskanarnonne og levde resten av livet sitt i from armod. Elizabeth I av England, Isabella II av Spania og Jelizaveta av Russland gjorde nok òg sitt for å få namnet på moten.
Det finst 17.502 kvinner som heiter Elisabeth i Noreg, og 827 som heiter Elizabeth (tal frå Statistisk Sentralbyrå, frå 1. januar 2004). Nokre vanlege norske former av namnet er Elise, Elsa, Lisa, Liss, Lisbet og Betty.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Elisabet, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses. ®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.