Elektroniske Mottiltak

Elektroniske mottiltak (engelsk electronic countermeasures, ECM) eller meir moderne elektronisk angrep (engelsk electronic attack, EA) er elektroniske signal som vert sende ut for å forstyrra eller totalt blokkera til dømes radar, sonar, infraraude instrument eller laser.

    «EMT» omdirigerer hit. For det estlandske mobilselskapet, sjå Eesti Telekom.

EMT er ein del av det som vert kalla elektronisk krigføring.

EMT kan delast opp i tre undergrupper:

  • Elektronisk jamming
  • Elektronisk villleiing
  • Elektronisk nøytralisering

Elektronisk jamming

Jamming av samband går ut på å overdøyva ein radiomottakar med eit sterkare signal enn det signalet som mottakaren prøver å motta. Sambandet mellom sendar og mottakar kan med dette brytast, og ein veikjer høva til fienden til å leia styrkane sine.

Fenomenet kan òg oppstå tilfeldig ved at to radiosendarar sender på same frekvens i eit område der ein mottakar er i stand til å høyra begge sendestasjonene. Dette skjer særleg i frekvensband der radiobølgjene følgjer jordkrumninga - frå dei lågaste radiofrekvensane opp til 30 Megahertz. Frekvensar høgare enn 30 MHz rekkjer vanlegvis berre innan synsvidde, slik at jammesenderen må vera i same område som den jamma radiomottakaren.

Jamming av radar har til føremål å blinda radaren slik at den ikkje kan motta ekko av eigne pulsar skikkeleg. Det er òg mogleg å skapa falske mål ved å bruka ein metode kalla «Digital Radio Frequency Memory» som digitaliserer den mottekne radarpulsen for å senda han tilbake til radarmottakaren litt forseinka slik at det vert skapt eit falskt mål bak det eigenlege målet.

Jamming av navigasjonssystem som GPS og GLONASS fører ofte til mindre nøyaktig navigasjon.

Jamming eller villeiing av nærleiksbrannrør fører til at ladninga i granaten eller missilet eksploderar før den når målet, eller ikkje eksploderar i det heile.

Villeiing

Elektronisk villeiing eller skinnutsending omfattar ei rekkje metodar som må vurderast ut frå den taktiske situasjonen på slagmarka. Blant dei meste brukte metodane for elektronisk villeiing er: Manipulativ elektronisk villeiing  - ei metode der ein fangar opp fienden sin utsendelsar på sambandet for seinare avspeling i redigert form. Simulativ elektronisk villeiing tyder at ein narrar fienden ved å setja opp eigne elektroniske ressursar slik at ein skapar eit falskt bilete av situasjonen. Eit døme kan vera å simulera eit typisk bataljonssamband der ein vil at fienden skal tru at ein bataljon av eigne styrkar er deployert.

Elektronisk nøytralisering

Elektromagnetisk puls (EMP) var tidlegare eit biprodukt ved detonasjon av eit kjernefysisk våpen, men er per 2016 lagt inn under elektronisk krigføring fordi det er mogleg å produsera reine elektromagnetisk bomber utan kjernefysisk detonasjon. Ein EMP kan øydeleggja alt elektronisk utstyr inne i ein bygning, eit køyretøy, fly eller skip som ikkje er sikra mot dette. Andre mål for EMP kan vera radaranlegg, sambandsentralar eller overvåkningsanlegg.

Referansar

Tags:

Elektroniske Mottiltak Elektronisk jammingElektroniske Mottiltak VilleiingElektroniske Mottiltak Elektronisk nøytraliseringElektroniske Mottiltak ReferansarElektroniske MottiltakElektronisk krigføringLaserRadarSonar

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Robin WilliamsGene KrupaCotangensSymbol i hinduismenAftonbladetNederlandskSvartehavetWoodfjordenOddgeir BruasetTennessee Ernie FordMahatma GandhiValentina JegorovaSgt. Pepper’s Lonely Hearts Club BandIndonesiskOve Aunli...To Be ContinuedPeter SellersMick TaylorØMelissokhóriTeknologiBård YlvisåkerBob WillsHardy-gutteneCarl Philip av SverigeHerborg BrynMesopotamiaØresundbruaHoggormElvis PresleyFransk geografiStiv kulingHarald MæleIrreversibel prosessRonnie Wood15. aprilLundefuglKommunikasjonSimpelt fleirtalPeloponnesHaram kommuneElon MuskOdilon RedonJordskokkNoregH.C. AndersenNord PoolHTMLOttomanMediaWikiØrnJarle TråBergenRettferdig RusslandJohn SentamuPyléa-KhortiátisRSSJojoVROOOM VROOOMLangt undertøyApollo 11GotlandUnicornIrakJordanHotel CaliforniaParisParaíbaKarin KrogHavørnHarald SæverudBill ChamplinForelskingBizkaiaCand.polit.Den cubanske revolusjonenAnarchy OnlineBerlinblokaden🡆 More