Eittslags-r, flikk, r-flap eller alveolar flap er ein konsonantlyd bruka i somme talemål.
Symbolet i det internasjonale fonetiske alfabetet IPA er ein «krok-r» (ɾ).
Lyden blir laga med ei enkelt muskelsamantrekning slik at ein artikulator slår mot den andre, det vil seie tunga slår attover mot alveola (i motsetning til «tjukk l», der slaget er attanfrå og fram). Lyden er stemt.
Denne lyden finst mellom anna i somme samanhengar i spansk, portugisisk og albansk.
I Noreg er dette den typiske r-lyden i Romsdal og på Nordmøre, i Trøndelag, i Nord-Noreg og på Austlandet. Frå Sunnmøre til Bergen om lag har dei derimot rulle-r (som i skotsk engelsk), og frå og med Bergen og sørover har dei skarre-r (som i Danmark, Tyskland, Frankrike, osv).
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Eittslags-r, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.