Pascal: Måleining for trykk og mekanisk spenning

Pascal (teikn Pa) er SI-eininga for trykk og mekanisk spenning.

Det svarar til ein newton pr. kvadratmeter. Eininga er namngitt etter Blaise Pascal, ein framståande fransk matematikar, fysikar og filosof.

    1 Pa
    = 1 N/m² = 1 (kg·m/s²)/m² = 1 kg/m·s²
    = 0,01 millibar
    = 0,00001 bar

I meteorologi har millibar vore bruka for lufttrykk. Ved introduksjonen av SI-eininga føretrekte mange meteorologar å halde på den same storleiksordenen som dei var vane med. Dermed er det vanleg å nytte forstavinga hekto i staden for kilo.

    1 hectopascal (hPa)
    = 100 Pa = 1 mbar
    1 kilopascal (kPa)
    = 1000 Pa = 10 hPa

I det tidlegare sovjetiske mts-systemet er eininga pieze, som svarar til ein kilopascal.

Standard atmosfæretrykk er 101 325 Pa = 101,325 kPa = 1013,25 hPa = 1013,25 mbar.

Den same eininga blir nytta til å måle stress, Youngs modul og tensil styrke.

Døme på verdiar (omtrentlege)

(Sjå SI-forstavingar for hjelp om einingane.)

0,5 Pa Atmosfærisk trykkPluto (omtrentleg tal frå 1988)
1 kPa Atmosfærisk trykk på Mars
10 kPa Trykket skapt av 1 m djupt vatn, eller
droppet i lufttrykk når ein går frå havnivå og opp til 1000 meters høgde¹
101 325 Pa Atmosfærisk trykk ved havnivå¹
10 MPa Høgtrykkspylarar sender ut vatn med dette trykket
100 MPa Trykket på botnen av Marianergropa, omtrent 10 km under havoverflata¹
10 GPa Diamant dannast
100 GPa Teoretisk strekkfastleik på karbonnanorør (CNTar)

¹på Jordas overflate

Trykkeiningar
 
Pascal
(Pa)

Bar
(bar)
Teknisk atmosfære
(at)

Atmosfære
(atm)

Torr
(mmHg)
Trykk i pund
per kvadrattomme

(psi)
1 Pa ≡ 1 N/m² 10−5 10,197×10−6 9,8692×10−6 7,5006×10−3 145,04×10−6
1 bar 100 000 ≡ 106 dyn/cm² 1,0197 0,98692 750,06 14,504
1 at 98 066,5 0,980665 ≡ 1 kgp/cm² 0,96784 735,56 14,223
1 atm 101 325 1.01325 1.0332 ≡ 1 atm 760 14.696
1 torr 133.322 1.3332×10−3 1.3595×10−3 1.3158×10−3 ≡ 1 mmHg 19.337×10−3
1 psi 6 894.76 68.948×10−3 70.307×10−3 68.046×10−3 51.715 ≡ 1 lbf/in²

Døme: 1 Pa = 1 N/m²  = 10−5 bar  = 10,197×10−6 ved  = 9,8692×10−6 atm osv.
Merk: mmHg er ei forkorting for millimeter kvikksølv, og kalla torr.

Tags:

Blaise PascalFrankrikeKvadratmeterMekanisk spenningNewton (eining)SITrykk

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Jenny SkavlanMichael UhrmannEkvatorWitch houseSilvevDer ingen skulle tru at nokon kunne buLuftfartøyFiskeørnElvar i RusslandHydrogencyanidXboxNordsamiskGustav ValsvikUnionsoppløysinga i 1905Ingvild KjerkolBruno CoutinhoMontserrat i SpaniaBrexitLuke BlackNederlandLonely and BlueEinar LundeDet nederlandske koloniriketAntiqueJesusAndreas BouraniMunroOttar VendilkråkeCoComPokémon GoGeorg II av StorbritanniaPlanxtyListe over primtalJump bluesWhat in the WorldIslandDisney Channel SkandinaviaVM i friidrett 1983KeipKaderA Collection of Great Dance Songs157SneisMaiken Caspersen FallaIltalehtiSkrikLønnTraktorHurtigrutaTerje FormoeNiilo HalonenBokfinkJean-Claude JunckerRadioheadÅkerbærDoireann Ní BhriainUnder My ThumbVM i alpine greiner 2019Russisk litteraturJohan BojerTromsøDet australske flaggetAustblokka1. divisjon fotball for mennMusikkgruppa GåteCoventry CityPilaffCupvinnarcupfinalen i fotball 1969JonsokFilon frå AlexandriaFever av Little Willie JohnElon MuskLangt undertøyLittle Walter🡆 More