Einar Hallesby Lunde (fødd 13.
mars">13. mars 1943 i Oslo) er ein norsk kringkastingsmann.
Einar Lunde | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 13. mars 1943 (81 år) Oslo |
Yrke | journalist, nyhetsanker, Korrespondent |
Språk | norsk |
Religion | kristendom |
Far | Sigurd Lunde |
Einar Lunde på Commons |
Den kjende mediemannen og biskopen Sigurd Lunde (1916–2006) var far hans. Den kjende teologiprofessoren og indremisjonsleiaren Ole Hallesby (1879–1961) var morfaren hans.
Lunde studerte ved Concordia College i Moorhead i den amerikanske delstaten Minnesota og ved Universitetet i Oslo (UiO). Allereie i studietida ved Concordia hadde han eit eige musikkprogram på den lokale studentradioen.
Lunde byrja karrierene i NRK som sommarvikar i NRK Dagsrevyen i 1968, og var frå 1970 fast nyhendeanker same stad.
Over ein toårsperiode frå 1973 til 1975 hadde Lunde permisjon frå NRK og arbeidd som programmedarbeider i Evangeliets røst i Addis Abeba.
Frå 1982 til 1986 var Lunde Afrika-journalist for NRK, og var frå 1990 tilbake som nyhendeanker. Han leidde to TV-aksjonar i NRK, den eine i 1981 og den andre i 1986.
Den siste sendinga til Einar Lunde var måndag 27. september 2010. Då gjekk han av med pensjon etter 42 års teneste for NRK.
I 1986 vart Lunde tildelt Brobyggerprisen og i 2006 fekk han TV-prisen.
I pensjonisttilveret har Lunde reist mykje rundt i Noreg og leia konferansar og debattar. Han var sist i nyhendebiletet for å ha løyst ein hyttekonflikt mellom naboar på Grindholmen, ei øy i Sandefjord kommune. Han er no til knytt til seg kommunikasjons- og rådgjevingsselskapet First House som assosiert partnar.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Einar Lunde, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.