Egil Lærum: Norsk fotballspelar

Egil Joseph Lærum (11.

august">11. august 192127. november 1954) var ein norsk fotballspelar, skihoppar, langrennar og friidrettsutøvar.

Egil Lærum
Statsborgarskap Noreg
Fødd 11. august 1921
Vikersund
Død

27. november 1954 (33 år)

Idrett friidrett, fotball, skihopping
Utmerkingar

Egebergs Ærespris

Karriere

Lærum debuterte på det norske fotballandslaget 16. juni 1946 i ein kamp i Oslo som enda med dansk bortesiger 2–1. I åra fram til 30. september 1951 tok han plass i halfrekka i 16 landskampar og var i sin siste kamp med å slå Sverige 4–3 i Göteborg. Han skåra aldri på landslaget. Lærum spelte mange sesongar på Larvik Turn & IF sitt fotballag, bortsett frå 1951/52-sesongen, han gjorde då teneste i oslolaget Vålerengen IF. Sesongen 1952/53 var han, saman med spelarar som Harry Boye Karlsen og Gunnar Thoresen, høgst delaktig då Larvik-laget vann sitt fyrste seriemeisterskap, Skeid vart slått 3–2 i seriefinalen på Ullevål stadion.

Lærum var også aktiv i friidrett og vart norsk juniormeister 1946 og krinsmeister i spydkast både i 1947 og i 1950. Han sette i 1947 krinsrekord i øvinga i Vestfold med 58,82 meter.

Vinteren 1947 vart Lærum bestemann i hoppdelen av kombinertrennet i Holmenkollen og tildelt Damenes pokal. Året etter enda han på åttandeplassen i sjølve kombinnertrennet på same arenaen. I 1950 hoppa Lærum heile 76,5 meter i den dåverande Vikersundbakken, i den øvinga som medlem av Vikersund IF.

År 1950 vart Lærum tildelt Egebergs Ærespris for sine allsidige merittar. Han var også aktiv i bandy, handball, hundesport, symjing og turn.

Lærum døydde av kreft, 33 år gammal.

Kjelder

  • Magnus Breili:Fotballboken. 1967.

Tags:

11. august1921195427. novemberFotballFriidrettLangrenn

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

BrunTrepunktsopphengBuskerud fylkeSvastikaJavier CulsonOksidasjonLiechtensteinSandnessjøen918Georg Wilhelm Friedrich HegelJerry ReedDen europeiske unionenMispelDekarJesus330 skvadronNyttårKvenerDen amerikanske sjølvstenderesolusjonenLa LigaOksygenØrnEmma WatsonNeville ChamberlainRaudekrossenEddiksyreSiderNord-AmerikaWikifrasarErik HöglundDrinfossenSolgangsbrisSkottlandA42006Anatolij FirsovMount EverestKarikaturSionistBrad PittSigmaMrs. RobinsonMarius ThingvaldDesta Marie BeederMidsommarSunndalsøraKulturindustrienParasittologiPilFredrik SolvangCaliforniaHarald V av NoregNikita KhrusjtsjovBrenselcelleOprah WinfreyEngland og WalesDomenetapNorsk folkedansJerry Leiber og Mike StollerPH-meterFrøylandsvatnetIslandske nasjonaldrakterSamisk historieRichie FaulknerTaekwondoPeter ŠťastnýMoldedialektTyrkiaCanon EOS 250DGarri KasparovTrøndelag fylkeSirkel800KattSnaptunsteinenCharlie Watts🡆 More