Dream A Little Dream Of Me

«Dream a Little Dream of Me» er ein song frå 1931 med musikk av Fabian Andre og Wilbur Schwandt og tekst av Gus Kahn.

Han vart først spelt inn i februar 1931 av Ozzie Nelson og same året av Wayne King and His Orchestra, med vokal av Ernie Birchill. Det vart ein populære standard og det er spelt inn meir enn 60 andre versjonar av songen. Den versjonen som nådde høgast på lista var Mama Cass Elliot med The Mamas & the Papas i 1968.

«Dream a Little Dream of Me»
Musikk av Fabian Andre, Wilbur Schwandt
Tekst av Gus Kahn
Publisert 1931
Språk engelsk

Tidlege innspelingar

«Dream a Little Dream of Me» vart spelt inn av Ozzie Nelson and his Orchestra, med vokal av Nelson, den 16. februar 1931 for Brunswick Records. To dagar seinare, spelte Wayne King and His Orchestra, med vokal av Ernie Birchill, inn songen for Victor Records. «Dream a Little Dream of Me» var òg ein tidleg signaturlåt for Kate Smith. Sommaren 1950 vart det gjeve ut sju innspelingar av «Dream a Little Dream of Me» med versjonar av Frankie Laine og Jack Owens inn på topp 20 i USA med høvesvis ein 18. og ein 14. plass. Dei andre versjonane var av Cathy Mastice, Ella Fitzgerald, Louis Jordan, Vaughn Monroe, Dinah Shore og ein duett mellom Bing Crosby og Georgia Gibbs. Andre tradisjonelle popartistar som spelte songen var Louis Armstrong, Barbara Carroll, Nat King Cole, Doris Day, Joni James og Dean Martin.

Songen vart igjen spelt inn i 1968 med Mama Cass Elliot med The Mamas & the Papas, og så av Anita Harris. Meir enn 40 andre versjonar følgde, som av Mills Brothers, Sylvie Vartan, Henry Mancini, The Beautiful South, Anne Murray, Erasure, Michael Bublé og den italienske vokalgruppa Blue Penguin.

Cass Elliot-versjonen

Dream a Little Dream of Me
Singel av Mama Cass med the Mamas & the Papas
frå albumet The Papas & The Mamas og Dream a Little Dream
B-side

Midnight Voyage (the Mamas & the Papas)

Språk engelsk
Utgjeve Juni 1968
Sjanger vokaljazz, pop
Lengd 3:15, 3:22 (Mama Cass-album)
Selskap Dunhill (USA)
Stateside (UK)
Komponist Fabian Andre, Wilbur Schwandt
Tekstforfattar Gus Kahn
The Mamas and the Papas-kronologi 
«Safe in My Garden»
(1968)
Dream a Little Dream of Me «For the Love of Ivy»
(1968)


«Dream a Little Dream of Me» vart spelt inn av the Mamas & the Papas i april 1968 for albumet The Papas & The Mamas. Gruppa hadde ofte sungen songen for moro skuld. Faren til medlemmen Michelle Phillips hadde vore ven med låtskrivaren Fabian Andre i Mexico by, der familien til Michelle Phillips budde då ho var lita. «Mama» Cass Elliot føreslo for gruppeleiaren John Phillips at gruppa skulle spele inn «Dream a Little Dream of Me». I følgje han var ho misnøgd med innspelinga av songen.

Songen kom ut på singel i juni 1968 oppført som «Mama Cass with the Mamas & the Papas» og på den britiske utgåva av singelen stod det berre «Mama Cass». «Dream a Little Dream of Me» nådde 12. plassen på Billboard Hot 100 i august det året og andreplassen på Billboard Easy Listening-lista. I Storbritannia nådde «Dream a Little Dream of Me» 11. plassen i september, i Irland ein 13. plass og i Sør-Afrika ein åttandeplass. På den australske Go-Set-lista gjekk «Dream a Little Dream of Me» heilt til topps og var den 16. største hitten i Australia i 1968.

Ein litt annleis versjon av «Dream a Little Dream of Me» kom ut på debutalbumet til Elliot som soloartist, Dream a Little Dream.

Lister

Vekeslister

Liste (1968) Plassering
Australia 1
Canada 7
Tyskland 5
Irland 13
Sør-Afrika 8
Sveits 22
UK 11
U.S. Billboard Hot 100 12
U.S. Billboard Hot Adult Contemporary spor 2
U.S. Cash Box Top 100 10
U.S. Record World 8

Årslister

Liste (1968) Plassering
Australia 13
Canada 72
UK 94
U.S. Billboard Hot 100 105


Robbie Williams-versjonen

Dream a Little Dream of Me
Singel av Robbie Williams
frå albumet Swings Both Ways
B-side

«You Got Old»

Språk engelsk
Utgjeve 13. desember 2013
Sjanger
Lengd 3:10
Selskap Island
Komponist Fabian Andre, Wilbur Schwandt
Tekstforfattar Gus Kahn
Låtskrivar(ar)
  • Fabian Andre
  • Gus Kahn
  • Wilbur Schwandt
Produsent Guy Chambers
Robbie Williams-kronologi 
«Go Gentle»
(2013)
Dream a Little Dream of Me «Shine My Shoes»
(2014)


Den engelske songaren Robbie Williams spelte inn «Dream a Little Dream of Me» (som «Dream a Little Dream») for det tiande studioalbumet og det andre swingalbumet hans, Swings Both Ways (2013). Albumversjonen er ein duett med Lily Allen, men ho er ikkje med på singelversjonen, som kom ut 13. desember 2013 som den andre singelen frå albumet.

Lister

Albumversjonen med Lily Allen
Liste (2013) Plassering

position

16
Belgia (Ultratip Vallonia) 34
Danmark (Tracklisten) 18
Frankrike (SNEP) 160
Tyskland (Media Control AG) 88
Sveits (Schweizer Hitparade) 67
UK Singlar (Official Charts Company) 144

Andre innspelingar

  • Ozzie Nelson den 16. februar 1931.
  • Wayne King and his orchestra vokal Ernie Birchill spelte inn songen den 18. februar 1931.
  • Dorsey Brothers Orchestra, med vokal av Scrappy Lambert, spelte inn songen den 26. februar 1931.
  • Teddy Raph & his orchestra spelte inn songen den 6. april 1931, med vokal av Smith Ballew.
  • Jack Leon And His Band, i august 1931 med vokalisten Les Allen.
  • Frankie Laine den 13. juni 1950.
  • Vaughn Monroe den 8. september 1950.
  • Ella Fitzgerald og Louis Armstrong (begge kvar for seg og som ein duett i 1950)
  • Doris Day spelt inn 23. august 1957 med Paul Weston på albumet Day by Night
  • Joni James i 1962
  • Barbara Carroll
  • The Nat King Cole Trio
  • Dean Martin
  • Jack Owens
  • Dinah Shore
  • Bing Crosby spelte inn songen den 19. februar 1957 for albumet hans Bing With A Beat.
  • The Mamas & the Papas spelte inn songen for albumet deira The Papas & The Mamas.
  • Ein versjon som høyrtes ut som Cass Elliot kom ut i 1968 på albumet Top of the Pops, Volume 2.
  • Anita Harris på singel i 26. juli 1968.
  • På italiensk av den franske songaren Sylvie Vartan som Nostalgia i 1969. Ho song òg songen på fransk ("Les Yeux Ouverts").
  • Henry Mancini i 1969 på A Warm Shade of Ivory.
  • Mills Brothers i 1969 på albumet med same namn.
  • På spansk som «Sueño Que Estoy Junto A Ti» av Caterina Valente i 1969 på albumet Nothing But Aces spelt inn med Edmundo Ros Orchestra; ein annan spansk versjon, «Sueño En Gris», vart spelt inn av Ana Belen på albumet A La Sombra De Un León (1988)
  • Den finske utgåva «Elän Yhä Muistoissain», vart spelt inn i 1969 av Anki Lindqvist
  • Tyske versjonar vart spelte inn i 1976 av Daliah Lavi: «Schließ Mich Ein In Deinen Traum» og i 2007 av Barbara Schöneberger «Sag Es Mir In Deinem Traum»
  • Den franske songaren Enzo Enzo song ein fransk versjon («Les yeux ouverts») i 1990 på albumet Enzo Enzo.
  • Sissel Kyrkjebø song inn songen på albumet Gift of Love i 1993.
  • Laura Fygi spelte songen i 1991 på albumet Introducing.
  • Kate Ceberano i 1994 på albumet Kate Ceberano and Friends.
  • Terry Hall og Salad for The Help Album i 1995.
  • Chicago i 1995 på albumet Night and Day Big Band. Med på songen var Jade på korvokal og Paul Shaffer på piano.
  • Barneartistane Sharon, Lois & Bram spelte inn songen i 1995 på albumet Let's Dance!.
  • På tsjekkisk av Lucie Bílá som «Hvezdy jako hvezdy» i 1998.
  • Candye Kane i 1998 på albumet Swango.
  • Silje Nergaard i 2000 på albumet Port of Call.
  • Den koreanske artisten Yiruma i 2001 på albumet First Love: Piano Collection.
  • James Darren i 2001 på albumet Because of You.
  • The Beautiful South i 2001 på albumet filmen filmen Solid Bronze og den amerikanske utgåva av Carry On up the Charts i 1995. Dei spelte ein versjon på fransk ("Les Yeux Ouverts") for filmen French Kiss, som vart nytta om att i filmen The Devil Wears Prada. Begge versjonane finst som B-sider til singelen «Don't Marry Her»
  • Anita Meyer i 2009 på albumet Tears Go By med Metropole Orkest
  • Tony Bennett og k.d. lang i 2002 på albumet A Wonderful World.
  • Eyran Katsenelenbogen i 2002 på It's Reigning Kats & Dogs & Bogen
  • Rozz Williams i 2003 på konsertalbumet Accept the Gift of Sin.
  • My Morning Jacket i 2004 for Early Recordings: Chapter 2: Learning.
  • Bernadette Seacrest på albumet No More Music by The Suckers i 2004.
  • Anne Murray i 2004/2005 på albumet I'll Be Seeing You / All of Me.
  • Dala (Sheila Carabine og Amanda Walther) i 2005 på album Angels & Thieves.
  • Diana Krall i 2007 på albumet We All Love Ella: Celebrating The First Lady Of Song, ei hyllest til Ella Fitzgerald.
  • Blind Guardian i 2007 på singelen «Another Stranger Me».
  • Tipitina i 2007 på albumet I Wish I Was In New Orleans.
  • Nicole Atkins i 2008 på albumet Nicole Atkins Digs Other People's Songs.
  • Claw Boys Claw i 2008 på albumet Pajama day.
  • Jimmy Demers på debutalbumet Dream A Little (2008).
  • Max Raabe and the Palast Orchester i 2008 på albumet Heute nacht oder nie.
  • Helen Schneider i 2008.
  • Mark Weber i 2008 på albumet When I Fall In Love.
  • Matthieu Boré i 2009 på albumet FriZZAnte!!.
  • Erasure i 2009.
  • Vassilikos i 2009 på albumet Vintage.
  • Michael Bublé i 2010 på EPen Special Delivery.
  • OC Times i 2010 på albumet Destinations.
  • Chapel Club - Surfacing (and Ewan Pearson Remix)
  • Eddie Vedder på soloalbumet Ukulele Songs.
  • The Courteeners som B-side til «No You Didn't, No You Don't».
  • Tracy Huang i 2012 på albumet Tracy Lullaby.
  • Davina and the Vagabonds på albumet Live at the Times.
  • Sumi Jo
  • Arielle Dombasle i 2006 på albumet C'est si bon.
  • Lee So-ra på albumet 'My One And Only Love'.
  • Little Jackie i 2014 på albumet Queen of Prospect Park.
  • Zee Avi i 2014 på albumet Zee Avi's Nightlight.
  • I 2014 spelte Barry Manilow inn ein versjon som er ein duett med Mama Cass-innspelinga for albumet My Dream Duets.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Tags:

Dream A Little Dream Of Me Tidlege innspelingarDream A Little Dream Of Me Cass Elliot-versjonenDream A Little Dream Of Me ListerDream A Little Dream Of Me Robbie Williams-versjonenDream A Little Dream Of Me Andre innspelingarDream A Little Dream Of Me KjelderDream A Little Dream Of Me BakgrunnsstoffDream A Little Dream Of MeCass ElliotSongThe Mamas & the Papas

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Sandy DennyScrabbleAfghanistanTuonelaTørkeNeville ChamberlainFrozenCamilla CollettDen sørlege vasslangenSki-NM 1967Dei sameinte arabiske emirataNatriumDet osmanske riketFylkesveg 751 (fleirtyding)Andre verdskrigenSophie EliseGotlandIndiaWikibooksAegisBodhisattvaBergenOrganistGeologiEdderkoppar i kulturenWikimediaØresundbruaDurgaBrusselTEMPEST1900-taletInternettRaudekrossenSnow White and the Seven DwarfsRegjeringa Bondevik IIEiffeltårnetAdolf HitlerMeråkerLemmingVictoria av StorbritanniaSergej SjojguJantelovenNederlandBetasuppeRoger KjendalenEtnos og demosAndrej KrautsjankaSupermannZoologiForvandlingaLitle LangøyaNynorskPaparoa nasjonalparkOdd NerdrumMariann Vestbøstad MarthinsenSpaniaAlpin tundraBokmålFrits ThaulowBergen kommuneTangentEmma WatsonBengaltigerHar SedomTyrkiaSusanne SundførAntarktisMeirDet nederlandske koloniriketTidslinje over norsk historieDu FuMiddelhavetHenrik IbsenKulturindustrienI Dovregubbens hall🡆 More