Donets, Severskij Donets (russisk Северский Донец) eller Siverskyj Donets (ukrainsk Сіверський Донець) er ei elv i Russland og Ukraina og ei av sideelvane til Don frå høgre.
Donets | |||
Severskij Donets, Siverskyj Donets | |||
elv | |||
Donets og Sviatohirsk Lavra | |||
Land | Russland, Ukraina | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 98 900 km² | ||
Lengd | 1 053 km | ||
Middelvassføring | 159 m³/s | ||
Kjelde | Det sentralrussiske høglandet | ||
- høgd | 200 moh. | ||
Munning | Don | ||
Donets 51°00′26″N 37°03′34″E / 51.007222°N 37.0595°E | |||
| |||
Wiki Commons: Seversky Donets | |||
Ho spring ut frå Det sentralrussiske høglandet, nord for Belgorod, og renn søraustover gjennom Ukraina (gjennom Kharkiv, Donetsk og Luhansk oblast) og så inn att i Russland der ho munnar ut i Don i Rostov oblast nedanfor Konstantinovsk, om lag 100 km frå Azovhavet. Donets har ei total lengd på 1053 km.
Dei nedre delane av elva kan nyttast til skipsfart, og vassvegen er ei viktig transportåre i nedslagsfeltet hennar (Donbas), eit område med mykje kolgruvedrift og tungindustri.
Av byar langs Donets finn ein frå kjelda til munningen:
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Donets, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.