Prinsesse Diana av Wales (1.
juli">1. juli 1961–31. august 1997) var den første ektefellen til den britiske tronarvingen prins Charles av Wales. Dei fekk to søner, prinsane William og Harry, nummer to og tre i arverekkefølga til den britiske trona og 15 andre samveldeland.
Prinsesse Diana av Wales | |||
Prinsesse Diana i 1995. | |||
Fødd | 1. juli 1961 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Sandringham | ||
Død | 31. august 1997 | ||
Dødsstad | Paris, La Salpêtrière | ||
Gravstad | Althorp | ||
Gift med | Charles III av Storbritannia (1981–1996) | ||
Dynasti | Familien Spencer, Fyrstehuset Windsor | ||
Far | John Spencer, 8. jarl Spencer | ||
Mor | Frances Shand Kydd | ||
Born | Prins William, hertug av Cambridge, Prins Harry, hertug av Sussex |
Diana Spencer kom frå ein gammal engelsk adelsfamilie og blei verdskjend frå trulovinga si med prins Charles i 1981. Diana var ei særs folkekjær prinsesse og engasjerte seg i veldedig arbeid som Den internasjonale kampanjen mot landminer og barnesjukehuset Great Ormond Street Hospital. Ho fann likevel livet som kongeleg og gift med prins Charles vanskeleg, og ekteparet skilde seg i 1996. Då ho døydde i ei bilulukke året etter reagerte folk i Storbritannia med stor, offentleg sorg.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Prinsesse Diana av Wales, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.