Deweys desimalklassifikasjon
Nynorsk editions of Wiki, an online encyclopedia
Deweys desimalklassifikasjon (DDK, også kalla Deweysystemet) er eit system for biblioteka sin klassifikasjon av bøker og andre informasjonsbærarar. Systemet vart utvikla av den amerikanske bibliotekaren Melvil Dewey (1851–1931) i 1876.
Systemet har i prinsippet internasjonal utbreiing. Det vert brukt i Noreg, i ein tillempa versjon i Danmark, men berre i liten grad i Sverige.
I USA arbeider biblioteka no etter 21. utgåve av DDK. 5. forkortede norske utgave vart utgjeve i 2002 av Norsk komité for klassifikasjon og indeksering (NKKI) [1], med 21. amerikanske utgåve som kjelde.
Systemet er delt inn i ti hovudkategoriar:
- 000 Referanse, informasjon og datamaskinar
- 100 Filosofi, psykologi, etikk
- 200 Religion
- 300 Samfunnsvitskap
- 400 Språk
- 500 Naturvitskap og matematikk
- 600 Teknologi og anvend vitskap
- 700 Kunst og fritidsaktiviteter
- 800 Litteratur
- 900 Historie, biografi og geografi
I Noreg vart DDK innført av Haakon Nyhuus.
Bakgrunnsstoff
- OCLC: DDC
- Fulltekstversjon av A Classification and Subject Index for Cataloguing and Arranging the Books and Pamphlets of a Library (Dewey Decimal Classification) Arkivert 2004-10-09 ved Wayback Machine. (1876) frå Project Gutenberg
- NKKI
This article uses material from the Wikipedia article Deweys desimalklassifikasjon, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply. (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 3.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
#Wikipedia® is a registered trademark of the Wikimedia Foundation, Inc. Wiki (duhoctrungquoc.vn) is an independent company and has no affiliation with Wikimedia Foundation.