Det ukrainske flagget blei tatt i bruk som nasjonalflagg for Ukraina i 1918.
Det består av to like store horisontale band der det øvete er blått og det nedste er gult. Desse fargane har historisk vore brukt til å symbolisera rutenske område.
Flagget med to striper der gult var øvst og blått var nedst blei teke i bruk av revolusjonære i 1848 som ønskte å lausriva vestdelen av landet frå Austerrike-Ungarn. Då Ukraina erklærte sjølvstende i 1918 blei flagget teke i bruk som nasjonalflagg med fargane bytta om for å symbolisera blå himmel over gule kornåkrar.
23. august er blitt feira som dagen for det ukrainske nasjonalflagget sidan 2004.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Det ukrainske flagget, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.