Det argentinske riksvåpenet er danna av ein todelt ellipse med nasjonalfargane lyseblått og kvitt i botn.
Ein opprett stav med ei frygisk hue på toppen er avbilda bak to helsande hender. Ein laurbærkrans omkransar skjoldet og Maisola stig opp over det. Den frygiske hua er eit symbol for fridom medan den oppstigande sola står for ei ny tid og ein ny nasjon. Maisola (Sol de Mayo) er også eit argentinsk nasjonalsymbol.
Riksvåpenet blei innført i si noverande form i 1944, men har opphav i våpenskjoldet til nasjonalforsamlinga frå 1813. Det blei først brukt til å forsegla eit dekret 22. februar det året. 13. april gav nasjonalforsamlinga ut nye myntar med dette merket på baksida. Frå 27. april blei det rekna som riksvåpen.
Riksvåpenet er hovudmerket på det argentinske presidentflagget.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Det argentinske riksvåpenet, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.