Desibel

Desibel, dB er ei måleeining som seier noko om det relative tilhøvet mellom to verdiar.

Måleeininga vert særleg mykje nytta i teleteknikk, akustikk, elektronikk og fysikk generelt. Mest kjent er det kanskje at ein måler lydnivå i desibel. Sidan desibel er eit forholdstal vert eininga dimensjonslaus. Desibel er ikkje ei SI-eining.

Definisjon

Eininga bel (B) vert definert som tiarlogaritmen til forholdet mellom to effektverdiar P1 og P0:

    Desibel .

Eininga bel vart nytta ved Bell Telephone Laboratory i USA for å måle til dømes. forholdet mellom straum- eller spenningsverdiar, og vart opphavleg kalla TU («transmission unit»). I 1923 eller 1924 vart TU omdøypt til bel (B), etter grunnleggjaren Alexander Graham Bell. Fordi bel er «for stor» til å bli brukt til kvardags tok ein i staden til med å nytta desibel (dB), som er lik 0,1 B.

Definisjonen av desibel (dB) er difor lik med definisjonen av bel multiplisert faktoren 10:

    Desibel .

I akustikken

I akustikken blir desibel nytta for å måle lydnivå (forholdet mellom målt lydtrykk og eit referanselydtrykk) og lydintensitet (akustisk effekt per flateeining).

Lydnivå, uttrykt i dB, vert definert som:

    Desibel ,

der p er lydtrykket i Pa og referanselydtrykket p0 = 20 μPa.

Ei endring i lydtrykket på 20 μPa (2·10-5 N/m2) vert rekna for å vere terskelverdien for kva det menneskelege øyret oppfattar. Dette lydtrykket tilsvarar om lag lydtrykket frå ein mygg som flyg på 3 meters avstand.

Eit lydtrykk på 20 μPa tilsvarar med andre ord null dB. Om lydtrykket vert auka med 20 dB (2 bel) inneber dette, på ein lineær skala, ei tidobling av lydtrykket. Følsamheita til øret er tilnærma logaritmisk, slik at ei endring i lydtrykket frå 10 Pa til 100 Pa vert oppfatta som like stor som ei endring frå 1 Pa til 10 Pa. Det høver difor svært godt å nytta dB innan akustikken. For døme på lydtrykksnivå, sjå lyd:

Lydintensitet (effekt per flateeining [W/m2], som er proporsjonal med kvadratet av lydtrykket:

    Desibel 

der I0 er referanseverdien for intensitet [W/m2], kan òg uttrykkjast i dB:

    Desibel .

I elektronikken

Effektforsterking

Inngangseffekten til eit forsterkartrinn, med inngansmotstand Rinn, kann uttrykkast som

    Desibel .

På same måten kan utgangseffekten, avsett i ei Ohmsk last, uttrykkast

    Desibel .

Effektforsterkinga vert difor

    Desibel ,

eller uttrykt i dB:

    Desibel 
        Desibel 
        Desibel .

Dette uttrykket syner at når Rut = Rinn er effektforsterkninga lik

    Desibel .

som er same uttrykk som for spenningsforsterkninga. Vidare ser vi at for å oppnå stor effektforsterking må Rinn vera stor i høve til Rut.

Ofte vert det innan elektronikk og telekommunikasjon nytta ei standard referanseeffekt på ein milliwatt (mW), noko som vert markert med nemninga dBm. Tilsvarande, om effekten vert målt relativt til ein watt, nyttar ein nemninga dBW.

Spenningsforsterking

I ei konstant resitiv last er effekten proporsjonal med spenninga over lasta, eller straumen gjennom lasta:

    Desibel .

Forholdet mellom to effektnivå kan difor skrivast

    Desibel .

Etter som dette uttrykket inneheld forholdet mellom to spenningsnivå er det vanleg å uttrykka spennings-forsterkning, eller -demping, som

    Desibel .

Tilsvarande kan ein setta

    Desibel .

Dette uttrykket inneheld forholdet mellom to straumar, så ein kan uttrykka straumforsterkning som

    Desibel .

Sjå òg

Tags:

Desibel DefinisjonDesibel I akustikkenDesibel I elektronikkenDesibel Sjå ògDesibelAkustikkElektronikkFysikkLydSI-eining

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Roald AmundsenLinda EideBilbaoDetaljhandelFinnøyAudun LysbakkenSubstantivStolen generasjonPrositNorsk fonologiRomersk kamilleJordaAlver kommuneDanmarkAdolf HitlerSnøDiktInkarikets fallStore norske leksikonElvis PresleyLHenri av LuxembourgArs Moriendi, eller De syv dødsmåterDUF-nummerDanskLagerthaCharles DarwinTrepunktsopphengErling Braut HaalandMogopSaudi-ArabiaHermeneutikkPetter WavoldMarco PoloHildegun RiiseFormannskapÅAsker kommuneIP-adresseVendlandKvalsafariSim sala bimSluddEselJ.K. RowlingEmmanouíl PappásLise AmundsenAztekararKorallKristoffer ColumbusUkrainaMåndagWikimediaJantelovenAmfípoliTonari no TotoroResettTidslinje over norsk historiePatentCascadaJernsulfatBiologisk systematikkStikkelsbærØresundbruaInformasjonsteknologiNynorsk WikipediaLitauenKjerringMellomalderenÆrfuglKvargKon-Tiki-ekspedisjonenFaryngitt🡆 More