Deng Xiaoping

Deng Xiaoping (22.

august">22. august 190419. februar 1997) var ein kinesisk kommunistisk politikar frå landsbyen Paifang i Guang'an i austre Sichuan. Han var Kina sin de facto leiar frå 1978, to år etter Mao Zedong var død, til sin eigen død i 1997. Han blir sedd på som det post-maoistiske, reformvenlegare og opnare Kina sin arkitekt. Hans politiske idéar, kalla Deng Xiaoping-teori, er i dag innskrivne i den kinesiske grunnlova saman med marxisme-leninisme-Mao Zedong-tenking og Den viktige tanken om dei tre representasjonane.

Deng Xiaoping
Deng Xiaoping
Fødd22. august 1904
Guanganzhou
Død19. februar 1997 (92 år)
Statsborgar avQing, Republikken Kina, Folkerepublikken Kina
PartiKinas kommunistparti (juli 1924; 19. februar 1997), Kuomintang (april 1924; 1927)
Yrkepolitikar, journalist, diplomat
Utdanna vedSun Yat-sen-universitetet i Moskva
Kommunistisk universitet for Østens arbeidere
EktefelleZhang Xiyuan, Jin Weiying, Zhuo Lin
BarnDeng Pufang, Deng Nan, Deng Rong, Deng Zhifang
Alle verv
  • paramount leader of the People's Republic of China
  • Chairman of the Central Military Commission of the Chinese Communist Party
  • Chairman of the National Committee of the Chinese People's Political Consultative Conference
  • Chairman of Central Military Commission of People's Republic of China
  • Vice Premier of the State Council of the People's Republic of China
  • medlem av politbyråets stående komité til Kinas kommunistparti (1956–1967)
  • medlem av politbyråets stående komité til Kinas kommunistparti (1975–1976)
  • medlem av politbyråets stående komité til Kinas kommunistparti (1977–1987) Sjå dette på Wikidata

Politisk karriere

Deng hadde enorm pondus i kommunistpartiet, då han blei medlem alt i 1924, og var ein helt under den lange marsjen og krigen mot Japan pluss borgarkrigen, der han gjorde framifrå teneste både som generalsekretær i partiet og som offiser.

Karrieren hans i partiet var stormfull. Etter å ha høyrt til leiarsjiktet i heile karrieren sin til då, blei han i 1967 under kulturrevolusjonen forvist til arbeid på ein traktorfabrikk, fordi han hadde blitt for populær gjennom å motsetje seg visse av Mao sine mest radikale idéar.

I 1974 steig han på nytt til den absolutte toppen etter at Mao hadde blitt sjuk, for så i byrjinga av 1976 å bli tvinga til å seie frå seg alle posisjonar i partiet etter press frå motpolen, «Firarbanden».

Etter at «Firarbanden» hadde blitt arrestert, kunne Deng atter stige inn på politikk-arenaen, og han hadde no den erfaringa og den respekten som måtte til for å utkonkurrere andre maktaspirantar.

Deng Xiaoping 
Deng Xiaoping i 1979.

Gjennom å lansere «Den opne dør-politikken», fekk Deng raskt fart på kinesisk økonomi, men då han nekta å gjere politiske endringar oppstod det problem. Deng blir sedd som den som ber det største ansvaret for massakren på den himmelske freds plass i 1989. Same året gjekk han av frå den høgste stillinga si i partiet, for så i 1992 frivillig å trekkje seg tilbake frå politikken i det heile. Han blir likevel sagt å ha hatt stor politisk innverknad fram til han døydde i 1997.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Deng Xiaoping  Commons har multimedium som gjeld: Deng Xiaoping

Tags:

19. februar1904199722. augustGuang'anKinaKommunismeMao ZedongMaoismeSichuan

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Peter ŠťastnýAnna Maria EhrenstrahlVoss heradImperialismeThorolf HolmboeTrondheim kommuneNasjonaldyrJerry ReedPortugisiskToy Story 2KonsensusmodellenIslandBjørnBergen kommuneStrategispelKapellCristiano RonaldoKaptein SabeltannKelly ClarksonTrøndelag fylkeSerious Hits… Live!NiaugoAlenPlaneten MarsJordskorpeplateLuftfartøyMS «Framstig»CupheadEiffeltårnetSjangerIvar Lo-JohanssonSeljeSax-a-boomGotlandIggy PopGolden Gate BridgeRolf KjødeAmalie SkramHarald EiaFlammepunktTenaza PeakKvintakkordGrunnstoffliste etter atomnummerCanadaPeter F. WolfOuverture i fransk stilDen kalde krigenCarles PuigdemontDet norske flaggetMagnar EstenstadPeriferieininga PrévezaSpaceXMaskorama (sesong 4)DiktTønsberg kommuneEngland og WalesBjörn SkifsHovudsideLinn UllmannSamisk historieRepublikkFylkesveg 751NazismeTatjana TomasjovaJa, vi elsker dette landetOrbitalPeter Wessel TordenskjoldNorges IshockeyforbundErlend Blaalid OldeideTegan and SaraLitauenPRISMDei fire årstideneRumpetrollMinar-e-Pakistan🡆 More