Den Libyske Borgarkrigen

Den libyske borgarkrigen, stundom kalla den libyske revolusjonen, var ein borgarkrig som fann stad i Libya i 2011 mellom opprørarar og styrkar lojale til den libyske leiaren Muammar Gaddafi.

Borgarkrigen enda med hærtakinga av Sirte og drapet på Gaddafi, og resulterte i eit splitta land utan sterkt statsmakt.

Den Libyske Borgarkrigen
Ei dokke som skal etterlikna Gaddafi heng med opprørsflagget i bakgrunnnen frå ei kran på Martyrplassen i Tripoli, nokre dagar etter at opprørarane tok byen.
Den Libyske Borgarkrigen
Bygningar nær Tripoli-brua med skadar dei fekk frå krigføringa i Benghazi 19. mars

Utviklinga

I fyrstninga var borgarkrigen ein oppreist i Benghazi aust i Libya, og tok til med protestar 15. og 16. februar mot at menneskerettsaktivisten Fethi Tarbel vart gripen. Opprøret vart væpna og spreidde seg, og etter nokre dagar hadde opprørarar teke kontrollen over heile det austlege Libya og byen Misrata i vest.

Etter kvart som krigslukka for opprørarane vart veikt, og den Gaddafi-lojale hæren snøgt nærma seg opprørshovudsetet i Benghazi, vart det vedteke ei flyforbodssone av Tryggingsrådet i SN, og at medlemslanda kunne nytta «alle turvande råder» for «å verna den sivile folkesetnaden i Libya». Ein internasjonal koalisjon med Frankrike og Storbritannia i spissen og med USA i ei nykelrolle, seinare leidd av NATO, sette i verk dei fyrste flyåtaka 19. mars med mandatet som bakgrunn, og stogga Gaddafi-hæren som då var i utkanten av Benghazi.

Med bortimot daglege NATO-bombetokt fekk opprørarane krigslukka attende, og etter stundom langsame framrykkingar hærtok opprørarane mykje av hovudstaden Tripoli den 23. august, og fekk etter nokre dagar full kontroll. 20. oktober tok opprørarane Sirte, heimbyen til Gaddafi, og den siste større folkesette staden som framleis hadde stridande Gaddafi-lojale styrkar. Gaddafi vart like etter drepen i området. 23. oktober kunngjorde Overgangsrådet at Libya var frigjort.

Resultatet

Sommaren 2012 vart det vald eit parlament som peika ute ei regjering. Regjeringa fekk aldri kontroll over heile landet, og i dag har Libya to konkurrerande parlament og regjeringar. Den eine regjeringa styrer frå Tripoli, den andre frå Tobruk. Tryggingssiutasjonen i landet er dårleg, tilhøva blir vurdert som verre no enn før borgarkrigen. IS har erobra store område, og tusenvis av flyktningar har med Libya som utgangspunkt forsøkt å krysse Middelhavet med båt.

Sjå òg

Forholdet mellom Russland og Syria

Kjelder

Tags:

Den Libyske Borgarkrigen UtviklingaDen Libyske Borgarkrigen ResultatetDen Libyske Borgarkrigen Sjå ògDen Libyske Borgarkrigen KjelderDen Libyske Borgarkrigen2011BorgarkrigLibyaMuammar Gaddafi

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Tromsø kommunePlaneten MarsBaklastarIransk geografiGmailBerlinDer ingen skulle tru at nokon kunne buSola i KarlstadMelatoninKveiteTysklandKrøllalfaVinkelfartOslolosenDet franske koloniriketKaptein SabeltannPiDale i SunnfjordIP-adresseEdelgranslektaTrymskvidaMarco PoloPuig MajorVladimir LeninLokeVassendgutaneNordfjordeidBestemorDet indiske kastesystemetMjølkBenito MussoliniVestlandetKvitveisTrepunktsopphengRenaissancePeter SellersKari Elisabeth KaskiBoom Boom av EmmyAKateríniNynorskAluminiumCarles PuigdemontFinnøyLiberalÆLThoriumkraftverk972 CohniaBronseDonald TrumpFilmserien Harry PotterHarald EiaTaigaspissmusZaniar MatapourDamplokomotivVinje kommuneElfenbeinskystenApeJørgen KosmoBritiske monarkarReligiøse nasjonalsymbolAlanis MorissetteUrfolkDet kyrilliske alfabetetMetaforNew ZealandCharles III av StorbritanniaHarald I av NoregSgt. Pepper’s Lonely Hearts Club BandThe Legend of ZeldaCristiano RonaldoEpisenterAtom🡆 More