Den Amerikanske Sjølvstendeerklæringa

Den amerikanske sjølvstendeerklæringa er dokumentet der dei tretten koloniane erklærer seg sjølvstendige frå Storbritannia og grunngjev dette vedtaket.

Dokumentet vart ratifisert av den andre kontinentalkongressen den 4. juli 1776. Denne datoen blir feira som USA sin nasjonaldag. Ein kopi av dokumentet er på utstilling i nasjonalarkivet i Washington, DC. Sjølvstende for dei nordamerikanske koloniane vart godteke av Storbritannia den 3. september 1783 ved fredsavtala i Paris.

Den Amerikanske Sjølvstendeerklæringa
Den amerikanske sjølvstendeerklæringa

Sjølvstendeerklæringa vart i hovudsak forfatta av Thomas Jefferson, i samarbeid med John Adams og Benjamin Franklin. Utkastet vart gjort av ein komité på fem mann (fem-mannskomitéen). Dokumentet har vore viktig for andre land, og andre folks kamp for sjølvråderett. Tankane bak dokumentet er mellom anna sterkt inspirert av den britiske filosofen John Locke. Den norske riksforsamlinga i 1814 var mellom anna prega av arven frå denne teksten då den norske grunnlova vart utarbeidd.

Innhald

Innleiinga tek utgangspunkt i Naturretten, og eit generelt prinsipp om likskap for alle menneske. Avstanden er soleis stutt til menneskerettane. Etter denne innleiinga vert det lista opp ei rekkje grunnar for lausriving frå den engelske krona og det britiske imperiet, alle knytt til hendingane mellom 1765 og 1775. Teksten byggjer vidare på den amerikanske sjølvstenderesolusjonen, som vart framlagt første gong av Richard Henry Lee 7. juni 1776, etter vedtak i Virginiakonvensjonen den 15. mai same år. Denne stutte resolusjonen vart sidan grunnlaget for den lengre fråsegna, utarbeidd av fem-mannskomitéen frå 11. juni og fram til byrjinga av juli, då tekstane vart røysta over i kongressen.

Ratifisering

Resolusjonen vart lagt fram for kongressen den 1. juli 1776, og votert over dagen etter. Det hadde til då vore stor usemje mellom koloniane og dei ulike delegatane om ordlyd og vegval, men denne dagen snudde om lag alle koloniane til ja, utom New York, som avstod medan delegaten venta på nye meldingar frå kolonirådet i byen. Desse kom, og New York slutta seg til veka etter. Ein delegat frå Pennsylvania, John Dickinson, var den mest ihuga motstandaren av vedtaket, og heldt seg borte frå røystinga, slik at Pennsylvania enda på ja etter påtrykk frå Benjamin Franklin.

Det røynlege vedtaket om lausriving var soleis 2. juli, ikkje den 4. John Adams skreiv snøgt heim til kona Abigail og meinte at denne dagen kom til å stå att i historia for all ettertid. Likevel var det den 4. juli som vart nasjonaldag, av di dette var dagen då teksten til erklæringa vart røysta over, og sidan offentleg kjend. Den opphavlege resolusjonsteksten vart innarbeidd i den avsluttande ordlyden i den endelege fråsegna.

Dei som signerte fråsegna

Den første som skreiv under og den mest kjende signaturen er av John Hancock, som og sat som ordstyrar for den andre kontinentalkongressen. To framtidige presidentar, Thomas Jefferson og John Adams var blant dei som signerte fråsegna. Edward Rutledge (26 år) var den yngste og Benjamin Franklin (70) den eldste. Totalt 56 personar underteikna fråsegna og representerte dei nye statane. Dei var, frå nord til sør:

  • New Hampshire: Josiah Bartlett, William Whipple, Matthew Thornton
  • Massachusetts: Samuel Adams, John Adams, John Hancock, Robert Treat Paine, Elbridge Gerry
  • Rhode Island: Stephen Hopkins, William Ellery
  • Connecticut: Roger Sherman, Samuel Huntington, William Williams, Oliver Wolcott
  • New York: William Floyd, Philip Livingston, Francis Lewis, Lewis Morris
  • New Jersey: Richard Stockton, John Witherspoon, Francis Hopkinson, John Hart, Abraham Clark
  • Pennsylvania: Robert Morris, Benjamin Rush, Benjamin Franklin, John Morton, George Clymer, James Smith, George Taylor, James Wilson, George Ross
  • Delaware: George Read, Caesar Rodney, Thomas McKean
  • Maryland: Samuel Chase, William Pacte, Thomas Stone, Charles Carroll of Carrollton
  • Virginia: George Wythe, Richard Henry Lee, Thomas Jefferson og Benjamin Harrison, Thomas Nelsonar jr, Francis Lightfoot Lee, Carter Braxton
  • Nord-Carolina: William Hooper, Joseph Hewes, John Penn
  • Sør-Carolina: Edward Rutledge, Thomas Heyward, jr, Thomas Lynch, jr, Arthur Middleton
  • Georgia: Button Gwinnett, Lyman Hall, George Walton

Sjå og

Bakgrunnsstoff

Den Amerikanske Sjølvstendeerklæringa 

Originaltekst av Den amerikanske sjølvstendeerklæringa ved Wikisource.

Tags:

Den Amerikanske Sjølvstendeerklæringa InnhaldDen Amerikanske Sjølvstendeerklæringa RatifiseringDen Amerikanske Sjølvstendeerklæringa Dei som signerte fråsegnaDen Amerikanske Sjølvstendeerklæringa Sjå ogDen Amerikanske Sjølvstendeerklæringa BakgrunnsstoffDen Amerikanske Sjølvstendeerklæringa177617833. september4. juliDei tretten kolonianeRatifikasjonStorbritanniaUSA

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Kaptein SabeltannKarikaturVerdas skriftsystemIngvild KjerkolPave Johannes Paul IStar WarsSilje NordnesVigselSaltAdolf HitlerClaudio MonteverdiMaud av NoregFrankararXboxBergenGråor8. aprilLamaKjerringa med stavenJon FosseBjørnar SkjæranTegan and SaraØresundbruaAsbjørnsen og MoeHar SedomJorda21. januarBuskerud fylkeCelsiusGunnhild SundliReligiøse nasjonalsymbolAlmHound DogBybanen i BergenReidar JohansenMaiken Caspersen FallaGåsThomas A. DorseySpesifikk varmekapasitetThe Big Bang TheoryMøreKrøllalfaMatematikarCountryJesusOlivettiInca Garcilaso de la VegaSinaihalvøyaTherese BjørneboeBautasteinTuonelaNikita KhrusjtsjovHumphrey BogartItaliaInnsjøar i Sverige16. maiWikifrasarIslamismeSouth LanarkshireSosialismeLonnie MackSki-NM 1967ColombiaEli RyggEddadiktSør-AfrikaSki-VM 2019BjørkefinkGramDen sørlege vasslangenMoskvaAndreas BlochTrøndelag fylkeVolda kommune🡆 More