Dei Strategiske Rakettstyrkane

Dei strategiske rakettstyrkane (RVSN RF; Raketnye voyska strategicheskogo naznacheniya; Ракетные войска стратегического назначения) er ei forsvarsgrein i det russiske forsvaret som er direkte underlagt Forsvarsdepartementet i Russland.

SRF styrar Russland sine landbaserte interkontinentale ballistiske missil. Styrkane vart først danna som del av dei væpna styrkane til Sovjetunionen, og då Sovjetunionen braut saman i 1990-1991 vart namnet endra. Hovudkvarteret og militærstaben ligg i Vlasikha ZATO. Sjefen for desse styrkane sidan 2010 er i 2017 framleis Sergej Viktorovitsj Karakajev.

Dei Strategiske Rakettstyrkane

Dei strategiske rakettstyrkane vart oppretta i desember 1959 som den viktigaste sovjetiske styrken som kunne brukast for å angripa ein fiende som sjølv hadde kjernefysiske våpen. Måla kunne vere militære anlegg og kjernefysisk industriell infrastruktur i desse landa. I 2017 otte dei alle russiske kjernefysiske bakkebaserte interkontinentale ballistiske missil (ICBM).

Samansetjing

Militær kommando og kontroll

Avgjerda om å nytte Dei strategiske rakettstyrkane vert teken øvst oppe i den russiske leiinga, og krev presidenten si godkjenning i alle høve. Ei rekkje kommando- og kontrollsystem tenar som støtte til slik avgjerd, som i verste fall må takast med berre sekundar i varslingstid. Påliteleg utveksling av noggrann informasjon mellom alle stabselement, sensorar og kontrollpunkt er viktigare her enn i dei fleste andre kommando- og kontrollsystem. Erfaringar frå artillerikompleks er tekne med i prosessen med å byggja opp systemet, men her er det vitalt med sentralisert kommando.
Den sentrale kommandoplassen for Dei strategiske rakettstyrkane er delt inn i desse elementa:

  • Leiing
  • Vakthald
  • Informasjonshandsaming
  • Kontroll av stridsberedskap
  • Koordinering av aktivitet mellom kommandoplassane
  • Analysegrupper

Eit halvautomatisk kommando- og kontrollapparat (ASFM) har nemninga «KAZBEK», og her er det fleire berbare terminalar plasserte i små koffertar som vert kalla tsjeget eller «atomkoffert». Desse terminalane finst hjå presidenten, forsvarsministeren og generalstabssjefen og har trådlaust samband til kvarandre og med det sentrale K-3 apparatet. Desse koffertane inneheld koder som kan avsikra utskytingsmekanismene for avfyring av det enkelte missilet. Det skal vere nok med at to av desse tre tsjegetane sender avsikringskoder for at missilane kan skytast ut. Dersom heile den russiske leiinga er sett ut av spel, finst eit system som tek denne avgjerda automatisk.

Handa frå grava (òg kjend som Perimetr) er eit automatisk kommando- og kontrollsystem for kjernefysiske interkontinentale ballistiske missil. Systemet er eit godt døme på «MAD» (engelsk mutually assured destruction), som tyder garantert gjensidig øydelegging eller terrorbalanse. Dette avskrekkingskonseptet tyder at alle er sikre på å verta utsletta dersom nokon av atommaktene skulle freista å slå til med eit massivt angrep først. Systemet kan automatisk skyte ut alle russiske interkontinentale ballistiske missil (ICBM) ved å sende ut naudsynte avfyringskoder til missila dersom sensorar oppdagar mange kjernefysiske eksplosjonar på russisk jord, og kontakt mellom det automatiske systemet og russiske leiinga ikkje kan etablerast.

Dei strategiske rakettstyrkane er vidare delt opp i tre arméar:

Missilarsenal

Situasjonen i oktober 2018

I juni 2017 var det til saman 286 bererakettar med 958 atomstridshovud. I oktober 2018 gjeld same tal. Fordelinga er slik:

Bererakettar Tal Tal strids-

hovud på kvar
bererakett

Til saman Lokalisering
SS-18 46 10 460 Dombarovskij, Uzjur
SS-19 30 0. 0 Tatisjtsjevo
SS-25 36 1 36 Barnaul
SS-27 (i silo) 60 1 60 Tatisjtsjevo
SS-27 MOB (mobile plattformar) 18 1 18 Tejkovo
SS-29 (mobile plattformar) 84 4 336 Tejkovo, Novosibirsk, Nizjnyj Tagil, Irkutsk, Josjkar-Ola
SS-29 (i silo) 12 4 48 Kozelsk
Totalt 286 958

Situasjonen i november 2017

I november 2017 var det til saman 322 bererakettar med 1174 atomstridshovud. Fordelinga er slik:

Bererakettar Tal Tal strids-

hovud på kvar
bererakett

Til saman Lokalisering
SS-18 46 10 460 Dombarovskij, Uzjur
SS-19 30 6 180 Tatisjtsjevo
SS-25 72 1 72 Barnaul
SS-27 (i silo) 60 1 60 Tatisjtsjevo
SS-27 MOB (mobile plattformar) 18 1 18 Tejkovo
SS-29 MOB (mobile plattformar) 78 4 312 Tejkovo, Novosibirsk, Nizjnyj Tagil, Irkutsk, Josjkar-Ola
SS-29 (i silo) 18 4 72 Kozelsk
Totalt 322 1174

Historisk utvikling

Samansetjing og mengd stridshovud innan ICBM:

Bererakettar
1990 1997 1998 1999 2000 2001 2002 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 2011 2016 2017
SS-11 SEGOS 326 0 0 0 0 0 0 0 0 0 0 0 0 0 0 0 0 0
SS-13 SAVAGE 40 0 0 0 0 0 0 0 0 0 0 0 0 0 0 0 0 0
SS-17 SPANKER 188 0 0 0 0 0 0 0 0 0 0 0 0 0 0 0 0 0
SS-18 SATAN 3 080 1 860 1 800 1 800 1 800 1 660 1 480 1 160 1 080 850 800 760 750 680 590 580 460 460
SS-19 STILETTO 1 800 1 020 1 008 960 900 900 900 780 780 774 756 738 660 432 420 420 0 180
SS-24 SCALPEL 560 100 100 100 100 60 0 0 0 0 0 0 0 0 0 0 0 0
SS-24V SCALPEL 330 360 360 360 360 360 360 150 150 0 0 0 0 0 0 0 0 0
SS-25 SICKLE 288 360 360 360 360 360 345 333 315 291 254 243 213 180 174 171 72 72
SS-27 silo STALIN 0 0 0 10 20 24 30 36 36 40 42 44 48 50 49 52 60 60
SS-27 MOB STALIN 0 0 0 0 0 0 0 0 0 0 0 3 6 15 15 18 18 18
SS-29 MOB YARS 0 0 0 0 0 0 0 0 0 0 0 0 0 0 0 18 292 312
SS-29 silo YARS 0 0 0 0 0 0 0 0 0 0 0 0 0 0 0 0 0 72
Totalt 6 612 3 700 3 630 3 590 3 540 3 364 3 115 2 429 2 331 1 955 1 852 1 788 1 677 1 357 1 248 1 259 902 1174

Merknadar

Referansar

Kjelder

Tags:

Dei Strategiske Rakettstyrkane SamansetjingDei Strategiske Rakettstyrkane Situasjonen i oktober 2018Dei Strategiske Rakettstyrkane Situasjonen i november 2017Dei Strategiske Rakettstyrkane Historisk utviklingDei Strategiske Rakettstyrkane MerknadarDei Strategiske Rakettstyrkane ReferansarDei Strategiske Rakettstyrkane KjelderDei Strategiske RakettstyrkaneDet russiske forsvaretForsvarsdepartementet i RusslandForsvarsgreinInterkontinentalt ballistisk missilMilitærstabSergej Viktorovitsj KarakajevSovjetunionenVlasikha ZATO

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Schneider-troféetKristiansund BallklubbNynorsk WikipediaSamisk historieSandy DennyTraktorBo WiderbergÅCasanova av SupergruppaLuster kommuneJens StoltenbergFilon frå AlexandriaUnicornAli Baba og dei førti røvaraneApple Inc.Bunichiro AbeSneisJuhani JärvinenLogogramLemmingIrakMS «Nordstjernen»Byar i HellasSverigeMaktaOljefeltAnnaMikal KirkholtNasjonaldagWayback MachineRubina RanaHansjörg JäkleJacob Tullin ThamsMontserrat i SpaniaLangnebbparakittÆrfuglGrunnstoffet tinnMontserrat CaballéKrøllalfaOlivettiLuciano PavarottiNederlandAustblokka157China Central TelevisionHarriet BackerLonnie MackLa LigaAspmyra stadionHilkka RiihivuoriMenneskeanatomiKrag-Jørgensen-rifleCristiano RonaldoDet første krosstogetSymraAkarnanikóTyneNew Super Mario Bros. UHans VinjarengenAstrid TollefsenSnøfte SmithKvam heradUlrike MaierClaudio LangesKaptein SabeltannSavoykålBruno CoutinhoBjørn Alexander BremDonkey Kong Country ReturnsNaheNormandieGabriel PimbaOrbitalDei fire årstidene🡆 More