Dei Sameinte Arabiske Emirata

(norsk: Dei sameinte arabiske emirata, emiratarabisk)

لإمارات العربيّة المتّحدة
Al-Imārāt al-‘Arabīyah al-Muttahidah

Det emiratarabiske flagget Det emiratarabiske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Isji biladi»
Geografisk plassering av Dei sameinte arabiske emirata
Offisielle språk Arabisk
Hovudstad Abu Dhabi
Styresett
Føderal republikk
Khalifa bin Zayed Al-Nahyan
Mohammed bin Rashid Al Maktoum
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
83 600 km² (114.)
0 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Folketeljing (2010)
 – Tettleik
 
6 072 475 (111.)
6 888 888
72,6 /km² (114.)
Sjølvstende
frå Storbritannia
1. desember 1971
Nasjonaldag 2. desember
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
641 900 mill. USD (32.)
78 700 USD (9.)
Valuta Emiratarabisk dirham (AED)
Tidssone UTC +4
Telefonkode +971
Toppnivådomene .ae


Dei sameinte arabiske emirata (arabisk دولة الإمارات العربية المتحدة Dawlat al-Imārāt al-‘Arabīyah al-Muttaḥidah), stundom berre kalla Emirata eller UAE, er eit land søraust på Den arabiske halvøya ved Persiabukta. Det grensar til Oman i aust og Saudi-Arabia i sør, i tillegg til ei maritim grense med Qatar og Iran. I 2013 hadde Emirata 9,2 millionar innbyggjarar, der 1,4 millionar var emiratarabiske borgarar og 7,8 millionar utlendingar.

Landet vart grunnlagt i desember 1971 og er eit samband av sju emirat, Abu Dhabi (som tener som hovudstaden), Ajman, Dubai, Fujairah, Ras al-Khaimah, Sharjah og Umm al-Quwain. Kvart emirat vert styrt av ein absolutt monark. I lag dannar dei det føderale høgsterådet. Ein av monarkane vert vald som president i Dei sameinte arabiske emirata. Islam er offisiell religion i UAE, og arabisk er offisielt språk, sjølv om engelsk vert mykje nytta.

Oljereservane i landet er dei sjuande største i verda, medan naturgassreservane er dei 17. største. Den avlidne Sjeik Zayed, som styrte i Abu Dhabi og var den fyrste presidenten i UAE, hadde styringa med utviklinga av Emirata og styrte oljeinntektene inn i helsevesen, utdanning og infrastruktur. Økonomien i UAE er den mest diversifiserte i Golfrådet, og den mest folkerike byen Dubai har oppstått som ein global by og eit knutepunkt for internasjonal flytrafikk. Likevel er landet særs avhengig av eksport av petroleum og naturgass.

UAE har vorte kritisert for korleis dei handsamar menneskerettane, mellom anna ved bruk av sjarialover i rettssystemet. Den aukande internasjonale profilen til UAE har gjort at analytikarar har gjeve landet status som ei regionsmakt og ei mellommakt.

Historie

Oldtida

Dei fyrste kjende busetjingane i UAE er datert til 5500 fvt., men ein har funne flintreiskap datert til dei fyrste menneska på vestkysten av UAE, datert 130 000 år attende. På dette tidlege stadiet er det funne bevis for at dei hadde kontakt med verda utanfor, særleg sivilisasjonar nordvest i Mesopotamia. Denne kontakten varte lenge og vart meir omfattande, truleg motivert av koparhandel frå Hajarfjella, som oppstod kring 3000 fvt. I 637 vart Julfar (i dag Ra's al-Khaimah) nytta som utgangspunkt for den islamske invasjonen av sassanidane sitt Iran. Frå 100-talet evt. flytte stammer seg frå nordaust langs sørkysten av Arabia, og gruppene Azdite Qahtani (eller Yamani) og Quda'ah slo seg ned sørvest for Hajarfjella, medan sassanidegrupper dominerte den austlege kysten. Kysten av Persiabukta vart kalla Al Bahreyn, medan den indre oasebyen Al Ain vart kalla Tu'am og vart ein viktig handelsstasjon mellom dei indre områda og austkysten.

Dei fyrste kristne stadene i UAE vart fyrst oppdaga i 1990-åra, og var eit omfattande klosterområde som i dag vert kalla Sir Bani Yas-øya og er datert attende til 600-talet. Ein trur bygg var knytte til nestorianismen og vart bygde i 600 evt. Kyrkja verkar å ha vorten frådregen i fred i 750 evt. Kristendomen spreidde seg over halvøya frå 50 til 350 evt. langs handelsrutene. På 400-talet hadde Oman ein biskop kalla Johannes, og den siste biskopen av Oman var Etienne i 676 evt.

Islam

Islam spreidde seg på nordaustenden av Den arabiske halvøya etter at det vart sendt eit brev frå profeten Muhammed til herskarane av Oman i 630 evt., ni år etter hijrah. Dette førte til at ei gruppe herskarar drog til Medina, gjekk over til islam og klarte så drive eit framgangsrikt opprør mot dei upopulære sassanidane, som dominerte nordkysten på den tida. Etter at Muhammed døydde, vart det nye islamske samfunnet sør for Persiabukta truga med oppløysing, og det kom til opprør mot dei muslimske leiarane. Kalif Abu Bakr sende ein armé frå hovudstaden Medina som tok attende området (Riddakrigane) med det blodige slaget i Dibba der minst 10 000 liv gjekk tapt. Dette trygga integriteten til kalifatet og samlinga av Den arabiske halvøya under det nye Rashidun-kalifatet.

Osmansk og portugisisk tid

Dei harde ørkentilhøva førte til at det dukka opp «mangslungne stammefolk», nomadiske grupper som klarte seg på grunn av ein variert økonomisk aktivitet, inkludert husdyrhald, jordbruk og jakt. Desse gruppene flytte seg rundt til ulike tider av året og det oppstod ofte konfliktar mellom grupper, men òg delvis permanente busetnader og senter. Desse danna stammegrupper med namn som framleis finst hjå emiratarabarar i dag, som Bani Yas og Al Bu Falah frå Abu Dhabi, Al Ain, Liwa og Al Bahrayn, Dhawahir, Awamir og Manasir i det indre, Sharqiyin på austkysten og Qawasim i nord.

På 1500-talet vart hamnebyane i Persiabukta og delar av folkesetnaden i regionen beinveges underlagde makta til Det osmanske riket. På 1600-talet var Bani Yas-gruppa den dominerande makta i det meste av området som no vert kalla Abu Dhabi. Portugisarane hadde òg makt over kystbusetnadene, og bygde fort etter den blodige erobringa av kystbyar på 1500-talet av Albuquerque og dei portugisiske kommandantane som fylgde han - særleg på austkysten med Muscat, Sohar og Khor Fakkan.

Sørkysten av Persiabukta vart av britane kalla «Piratkysten», sidan båtar frå Al Qawasim-føderasjonen (Al Qasimi) ofte gjekk til åtak på britiske skip frå 1600- til 1800-talet. Britiske ekspedisjonar for å verne Indiahandelen frå sjørøvarar ved Ras al-Khaimah førte til felttog mot hovudkvartera og andre hamna langs kysten i 1809 og fram til 1819. Året etter skreiv britane og ei rekkje lokale herskarar under ei avtale for å kjempe mot sjørøvarverksemd langs kysten av Persiabukta, og gav opphav til omgrepet Traktatstatane, som kom til å definere statusen til kystemirata. Fleire avtalar vart underskrivne i 1843 og 1853.

Som ein reaksjon på ambisjonane til andre europeiske land, nemleg Frankrike og Russland, knytte britane og Traktatstatane tettare band med ei avtale i 1892, liknande avtaler som britane inngjekk med andre statar i Persiabukta. Sjeikane gjekk med på å ikkje skilje seg med territorium til nokon andre enn britane og ikkje gå inn i samband med utan-landske statar andre utan britisk godkjenning. Til attergjeld lova britane å verne kysten av Traktatstatane frå sjøen og hjelpe til om dei vart åtekne frå land. Denne avtala vart underskriven av herskarane i Abu Dhabi, Dubai, Sharjah, Ajman, Ras Al Khaimah og Umm Al Quwain mellom 6. og 8. mars 1892. Han vart sidan ratifisert av statthaldaren i India og den britiske regjeringa i London. Med britisk kystvakt kunne perleflåten etter måten arbeida trygt. Britane forbaud derimot slavehandel, som gjorde at sjeikane og kjøp-mennene tapte inntekter. Skuldinga om sjørøvarverksemd vert dregen i tvil av moderne emiratarabiske historikarar, som den noverande emiren av Sharjah i boka hans The Myth of Arab Piracy in the Gulf frå 1986.

Britisk tid og oppdaginga av olje

På 1800- og tidleg 1900-talet var perleindustrien blømande, og gav både inntekter og arbeidsplassar for folk kring Persiabukta. Den fyrste verdskrigen hadde stor innverknad på industrien, men det var dei økonomiske nedgangstidene i 1920- og 1930-åra, i lag med oppfinninga av kulturperler, som viska ut handelen heilt. Restane av handelen forsvann kort tid etter den andre verdskrigen, då det nyleg sjølvstendige India innførte store tollkostnader for perler importert frå arabarlanda kring Persiabukta. Nedgangen i perle-industrien førte til vanskelege økonomiske vilkår for Traktatstatane.

Dei Sameinte Arabiske Emirata 
Dubai i 1950; området på biletet syner Bur Dubai i framgrunnen (kring Al-Fahidi Fort); Deira i midten til høgre på andre sida av elva og Al Shindagha (venstre) og Al Ras (høgre) i bakgrunnen på andre sida av elva igjen frå Deira.

Britane sette opp eit utviklingskontor som hjelpte til med utviklinga i Emirata. Dei sju sjeikane i emirata valde så å danne eit råd for å koordinere saker mellom dei og og tok over utviklingskontoret. I 1952 danna dei Rådet for Traktatstatane, og valde Adi Bitar, den juridiske rådgjevaren til sjeik Rashid i Dubai, som generalsekretær og juridisk rådgjevar for Rådet. Rådet vart lagt ned då Dei sameinte arabiske emirata vart skipa. Stammepreget i samfunnet og mangelen på grenser mellom emirata førte ofte til usemje, som anten vart løyst gjennom mekling, eller meir sjeldan, med makt. Trucial Oman Scouts var ein liten militærstyrke nytta av britane for å halde freden ved like.

I 1955 tok Storbritannia Abu Dhabi si side i ein konflikt med Oman over Buraimi-oasen, eit anna område i sør. I 1974 vart det under-skriven ei avtale mellom Abu Dhabi og Saudi-Arabia som skulle løyse grensestriden mellom Abu Dhabi og Saudi-Arabia, men denne har ikkje vorten ratifisert. Grensa mellom UAE og Oman vart ratifisert i 2008.

I 1922 sikra den britiske regjeringa at herskarane i Traktatstatane ikkje inngjekk konsesjonsavtalar med utanlandske selskap. Dei var klåre over potensialet for å finne naturressursar som olje, etter at ein fann olje i Persia (frå 1908) og Mesopotamia (frå 1927), og det britiskleia oljeselskapet Iraq Petroleum Company (IPC) synte interesse i regionen. Anglo-Persian Oil Company (APOC, som seinare vart British Petroleum, or BP), hadde 23,75 % av aksjane i IPC. Frå 1935 vart det gjeve konsesjonar for å leite etter olje med dei lokale herskarane, og APOC skreiv under den fyrste på vegner av Petroleum Concessions Ltd (PCL), eit selskap som var tilknytt IPC. APOC vart hindra i å utvikle regionen aleine, på grunn av restriksjonar med Den raude linja-avtalen, som kravde at det vart operert gjennom IPC. Det vart underskrive fleire opsjonsavtalar mellom PCL og sjeikane, som gav gode høve til inntekter for samfunna som opplevde fattigdom etter at perlehandelen kollapsa. Oljerikdomen som sjeikane kunne sjå i dei kringliggjande landa som Iran, Bahrain, Kuwait, Qatar og Saudi-Arabia lét vente på seg. Dei fyrste borehòla i Abu Dhabi vart bora av operatør-selskapet til IPC, Petroleum Development (Trucial Coast) Ltd (PDTC) ved Ras Si 1950, med eit 13 000 fot djupt hòl som det tok eitt år å bore, og som viste seg å vere turt. Det hadde ein enorm kostnad på den tida, på 1 million pund.

I 1953 fekk eit dotterselskap av BP, D'Arcy Exploration Ltd, ein offshore-konsesjon frå sjeiken i Abu Dhabi. BP slo seg saman med Compagnie Française des Pétroles (seinare Total) og danna operatørselskapa Abu Dhabi Marine Areas Ltd (ADMA) og Dubai Marine Areas Ltd (DUMA). Det vart gjort fleire undersøkingar, mellom anna av den kjende havforskaren Jacques Cousteau. I 1958 vart det taua ein flyterigg frå Hamburg i Tyskland over Umm Shaif perlebotn i farvatnet utafor Abu Dhabi, der boringa byrja. I mars fann dei olje. Dette førte til den fyrste oljeeksporten i 1962. MA fann fleire oljefelt ved Zakum og andre stader, og andre selskap fann Fateh oljefelt utanfor Dubai, og Mubarak-feltet utanfor Sharjah (delt med Iran).

I 1960 fann PDTC òg omsider olje på land, etter å ha bora fem hòl til som var turre. Dette var ved kysten nær Tarif. I 1962 vart PDTC til Abu Dhabi Petroleum Company. Etter kvart som oljeinntektene auka, sette sjeiken i Abu Dhabi, Zayed bin Sultan Al Nahyan, i gang massive byggjeplanar og bygde skular, hus, sjukehus og vegar. Då oljeeksporten i Dubai kom i gang i 1969, kunne sjeiken av Dubai, Rashid bin Saeed Al Maktoum, gjere investeringa som sette i gang det mangfelte drivet som skapte den moderne, globale byen Dubai.

Sjølvstende (1971)

Dei Sameinte Arabiske Emirata 
Zayed bin Sultan Al Nahyan var den fyrste presidenten i UAE.

I 1966 vart det klart at den britiske regjeringa ikkje lenger hadde råd til å administrere og verne det som no er Dei sameinte arabiske emirata. Den 24. januar 1968 kunngjorde den britiske statsministeren Harold Wilson at regjeringa hadde avgjort å ende avtala med dei sju Traktatstatane, som i lag med Bahrain og Qatar, hadde vore under britisk vern. Dette vart stadfest i mars 1971 av statsminister Edward Heath. Dagar etter kunngjeringa følte sjeiken i Abu Dhabi, Zayed bin Sultan Al Nahyan, seg sårbar og prøvde å overtyde britane om å halde seg til avtala ved å betale for dei britiske væpna styrkane i Emirata. Det britiske Arbeidarpartiet avslo tilbodet. Då denne meldinga frå britane kom, freista dei ni sjeikdøma ved Persiabukta å danne ein union av arabiske emirat, men i midten av 1971 var dei framleis ikkje samde om vilkåra for unionen, sjølv om den britiske avtala gjekk ut i desember same året.

Frykten for sårbarheita vart røynd dagen før sjølvstende. Ein iransk jager braut ut av formasjonen under ei øving sør i Persiabukta, og sigla mot Tunbøyane. Øya vart teken med makt, og sivile og arabiske forsvarar fekk løyve til å flykte. Eit britisk krigsskip stod ved sidan av under invasjonen utan å gjere noko. Ei gruppe jagerar nærma seg òg øya Abu Musa, men der såg sjeik Khalid bin Muhammed Al Qasimi skrifta på veggen. Øya vart snøgt leigd ut til Iran for 3 millionar dollar i året. Samstundes la Saudi-Arabia krav på område av Abu Dhabi.

Bahrain vart sjølvstendig i august, og Qatar i september 1971. Då den britiske avtala gjekk ut 1. desember 1971, vart dei heilt sjølvstendige. Herskarane i Abu Dhabi og Dubai valde å danne ein union mellom dei to emirata på eiga hand, og førebudde ei grunnlov, og så be herskarane frå dei andre fem emirata til eit møte og gje dei tilbodet om å verte med i unionen. Det vart òg avgjort mellom dei to at grunnlova skulle skrivast innan 2. desember 1971. På denne dagen, ved Dubai Guesthouse Palace, gjekk fire andre emirat med på å gå inn i unonen dei kalla Dei sameinte arabiske emirata. Bahrain og Qatar avslo invitasjonen om å verta med i unionen. Ras al-Khaimah kom med seinare, tidleg i 1972. I februar 1972 vart Det føderale nasjonalrådet (FNC) oppretta. Det har 40 medlemer og vert utpeikt av dei sju herskarane. UAE kom med i Den arabiske ligaen i 1971 og var med å skipe Golfrådet i mai 1981, med Abu Dhabi som vertsby for det fyrste toppmøtet. Stykar frå UAE var med dei allierte mot Irak etter invasjonen av Kuwait i 1990.

Etter sjølvstendet

Dei Sameinte Arabiske Emirata 
Sharjah by.

UAE støtta militæroperasjonar frå USA og andre koalisjonsland i krigen mot Taliban i Afghanistan (2001) og Saddam Hussein i Irak (2003), i tillegg til operasjonar som støttar den globale krigen mot terror for Afrikas horn ved Al Dhafra flybase utanfor Abu Dhabi. Flybasen støtta òg allierte operasjonar under Golfkrigen i 1991 og Operasjon Northern Watch. Landet hadde allereie skrive under ei forsvarsavtale med USA i 1994 og ei med Frankrike i 1995. I januar 2008, skreiv Frankrike og UAE under ei avtale som lét Frankrike setje opp ein permanent militærbase i emiratet Abu Dhabi. UAE deltok i dei internasjonale militæroperasjonane i Libya i mars 2011.

Den 2. november 2004 døydde den fyrste presidenten i UAE, sjeik Zayed bin Sultan Al Nahyan. Den eldste sonen hans, sjeik Khalifa bin Zayed Al Nahyan, overtok som emir i Abu Dhabi. Etter grunnlova valde så Øvsterådet i UAE Khalifa som president. Sjeik Muhammed bin Zayed Al Nahyan overtok etter Khalifa som kronprins i Abu Dhabi. I januar 2006 døydde sjeik Maktoum bin Rashid Al Maktoum, statsminister i UAE og herskar i Dubai, og kronprinsen sjeik Muhammed bin Rashid Al Maktoum overtok båe rollene.

Det fyrste nasjonale valet vart halde i UAE den 16. desember 2006. Nokre få handplukka veljarar valde halvparten av medlemene i Det føderale nasjonalrådet, som er eit rådgjevande organ. UAE har stort sett sloppe unna den arabiske våren, som andre land har hatt, men meir enn 100 emiratarabiske aktivistar vart fengsla og torturert då dei bad om reformer. I tillegg har folk mist borgarskapet sitt. Ein familiemedlem frå herskarfamilien i Ras al-Khaimah vart sett i husarrest i april 2012, då han bad om opne politiske tilhøve. Etter demonstrasjonar i Bahrain forbaud UAE i november 2012 spotting på nettet av si eiga regjering, eller forsøk på å organisere folkedemonstrasjonar gjennom sosiale medium.

Geografi

Dei Sameinte Arabiske Emirata 
Kart over Dei sameinte arabiske emirata.
Dei Sameinte Arabiske Emirata 
Ørkenlandskapet i utkanten av Dubai.

Dei sameinte arabiske emirata ligg i Midtausten, ved Omanbukta og Persiabukta, mellom Oman og Saudi-Arabia. Det ligg ved ein strategisk posisjon sør for Hormuzsundet, som er ein viktig flaskehals for transport av råolje i verda.

UAE ligg mellom 22°30' og 26°10' nordlege breiddegrad og mellom 51° og 56°25′ austlege lengdegrad. Landet har ei 530 km lang grense mot Saudi-Arabia i vest, sør og søraust, og ei 450 km lang grense mot Oman i søraust og nordaust. Landet har ei grense til Qatar i Khawr al Udayd-området som er kring 19 km lang i nordvest, men området er omstridd og Saudi-Arabia har gjort krav på området. Etter at det britiske militæret forsvann frå UAE i 1971 og den nye staten vart oppretta, la UAE krav på øyar som førte til ein strid med Iran. Dette er framleis uløyst. UAE har òg gjort krav på øyar ved Qatar. Det største emiratet, Abu Dhabi, utgjer 87 % av det totale arealet til UAE (67340 km²). Det minste emiratet, Ajman, utgjer berre 259 km².

Kysten av UAE strekkjer seg over 650 km langs sørkysten av Persiabukta. Det meste av kysten har saltpanner som strekkjer seg langt innover. Den største naturlege hamna er i Dubai, men andre hamner har vorte mudra opp ved Abu Dhabi, Sharjah og andre stader. Ein finn fleire øyar i Persiabukta, og somme av øyane er omstridde. Dei mindre øyane, i tillegg til mange korallrev og skiftande sandbankar, er ein fare for skipsfarten. Kraftig tidvatn og stundom storm gjer det endå vanskelegare å navigere langs kysten. UAE har òg eit område i Al Bāţinah-kysten ved Omanbukta, men Musandamhalvøya, tuppen av Arabia ved Hormuzsundet er ein eksklave for Oman som er skild av UAE.

Sør og vest for Abu Dhabi, ligg det store, rullande sanddyner, som glid over i Rub' al-Khali (Den tomme firedelen) i Saudi-Arabia. Det ligg to viktige oasar i ørkenområdet i Abu Dhabi, med nok underjordisk vatn til å halde oppe permanente busetjingar og jordbruk. Den store Liwa-oasen ligg i sør nær den udefinerte grensa mot Saudi-Arabia. Kring 100 km nordaust for Liwa ligg Al-Buraimi-oasen, som strekkjer seg på båe sider av grensa mellom Abu Dhabi og Oman. Zakhersjøen er ein menneskeskapt innsjø nær grensa til Oman.

Før britane trekte seg ut av området i 1971, trekte dei opp dei indre grensene mellom dei sju emirata for å hindre territoriumstridar som kunne hindre at føderasjonen vart danna. Generelt har herskarane i emirata godteke denne inndelinga, men det er nokre tilfelle av grensestridar mellom Abu Dhabi og Dubai, og mellom Dubai og Sharjah, som ikkje vart løyste etter at UAE vart sjølvstendig. Den mest kompliserte grensa er i Al-Hajar al-Gharbi-fjella, der fem av emirata ville ha styringa over meir enn eit dusin enklavar.

Natur

Dei Sameinte Arabiske Emirata 
Akasietre i ørkenforstadene nær Fujairah.

I oasane veks det daddelpalmar, akasie og eukalyptus. I ørkenen er det tynt med vegetasjon, men her veks noko gras og tornebuskar. Det stadeigne dyrelivet vart nesten utrydda på grunn av omfattande jakt, som har ført til vernetiltak på øya Bani Yas, sett i gang av sjeik Zayed bin Sultan Al Nahyan i 1970-åra. Dette har gjort at til dømes arabisk oryx og leopardar har overlevd. Langs kysten finn ein fisk som makrell, åbor og tunfisk, i tillegg til hai og kval.

Klima

Klimaet i UAE er subtropsik-turt, med heite sumrar og varme vintrar. Dei varmaste månadene er juli og august, då maksimumstemperaturen ofte når over 45 °C på kystsletta. I Al Hajar-fjella er temperaturane langt lægre, på grunn av høgda. Den gjennomsnittlege minimumstemperaturen i januar og februar er mellom 10 og 14  °C. På seinsumaren kjem ein søraustleg, råm vind kalla sharqi, som ikkje gjer kystområda så trivelege. Årsmiddelnedbøren i kystområda er mindre enn 120 mm, men stundom kan fjellområda få 350 mm i året. Regnet på kysten kjem i korte, kraftige skurer i sumarmånadane, og stundom fører det til flaum i elles turrlagde wadiar. Regionen er utsett for kraftige sandstormar, som kan gjere sikta dåleg.

Om vinteren kan det koma snø ein sjeldan gong. I 2004 var det snø i UAE for fyrste gong i somme høgareliggjande delar av landet.

Politikk

Dei sameinte arabiske emirata er ein føderasjon av arvelege absolutte monarkar. Dei vert styrte av Det føderale øvsterådet som har opp til sju emirar frå Abu Dhabi, Ajman, Fujairah, Sharjah, Dubai, Ras al-Khaimah og Umm al-Qaiwain. Alt ansvaret som ikkje er gjeve til den nasjonale regjeringa, er reservert for emirata. Ein prosentdel av inntektene frå kvart emirat vert sett av til det sentrale budsjettet til UAE.

Sjølv om dei vert valde av Øvsterådet, går president- og statsminister-rolla i røynda i arv. Emiren av Abu Dhabi er president, og emiren av Dubai statsminister. Alle statsministrane utan om éin har samstundes tent som visepresident. Sjeik Zayed bin Sultan Al Nahyan var president i UAE frå landet vart grunnlagd til han døydde 2. november 2004. Dagen etter valde Øvsterådet sonen hans, sjeik Khalifa bin Zayed Al Nahyan, til stillinga. Kronprinsen i Abu Dhabi, Muhammed bin Zayed Al Nahyan, er tronarving.

UAE kalla saman eit halvvegs valt Føderalt nasjonalråd i 2006. Rådet har 40 medlemer frå alle emirata. Helvta er utpeikt av leiarane i emirata, og den andre helvta vert direkte vald for to år om gangen. Rådet er, som namnet indikerer, berre eit rådgjevande organ.

UAE vert ofte skildra som eit «autokrati». Ifylgje New York Times er UAE «eit autokrati med glansen av ein progressiv, moderne stat». UAE kjem dårleg ut på fridomsindeksar som måler borgarrettar og politiske rettar. UAE vert kvart år rangert som «Ikkje fritt» i den årlege rapporten til Freedom House, som måler desse rettane. UAE rangerter òg dåleg på den årlege Reporters without Borders sin pressefridomsindeks.

Utanrikspolitikk

Dei Sameinte Arabiske Emirata 
Khalifa bin Zayed Al Nahyan med den russiske presidenten Vladimir Putin, 2007

UAE har breie diplomatiske tilhøve og handelstilhøve til andre land. Det speler ei viktig rolle i OPEC og SN, og er eit av landa som skipa Golfrådet (GCC).

UAE var eit av berre tre land som anerkjende Taliban som den rettmessige regjeringa i Afghanistan (Pakistan og Saudi-Arabia var dei to andre). UAE hadde diplomatiske tilhøve med Taliban fram til 11. september-åtaka i 2001. UAE har lenge hatt nære band til Egypt og er den største investoren i det landet frå resten av den arabiske verda. Pakistan vart det fyrste landet som formelt anerkjente UAE då det vart danna, og er framleis ein av dei store handelspartnarane. Kring 400 000 pakistanarar arbeider i UAE.

Dei Sameinte Arabiske Emirata 
Utanriksminister Abdullah bin Zayed Al Nahyan med den amerikanske utanriksministeren John Kerry, 2013.

UAE bruker meir enn noko anna land i verda på å påverke USA-amerikansk politikk og forme innanriksdebatten, og betaler tidlegare høgståande embetsfolk til å gjennomføre agendaen sin i USA. Den største utanlandske gruppa i UAE er indarar. Etter at britane trekte seg ut av UAE i 1971, og UAE vart grunnlagd som stat, har UAE gjort krav på fleire øyar i Persiabukta, som Iran i dag har. UAE gjekk så langt som å føre saka for Dei sameinte nasjonane, men saka vart avvist. Striden har ikkje i særleg grad hatt innverknad på tilhøvet til Iran, på grunn av eit større iransk samfunn i landet og sterke økonomiske band.

I striden med USA og Israel, har Iran fleire gonger truga med å stengje Hormuzsundet ved innløpet til Persiabukta, ein viktig del av internasjonal oljehandel. I juli 2012 byrja UAE difor å operere ein viktig oljerøyrleidning over land som gjekk rundt Hormuzsundet for å døyve fylgjene det kunne få om Iran sette trugsmåla i verk.

Innan handel er Storbritannia og Tyskland dei største eksportmarknadene til UAE og bilaterale tilhøve har lenge vore nære, sidan mange britar og tyskarar i dag bur i UAE. Diplomatiske band mellom UAE og Japan vart oppretta allereie i desember 1971. Dei to landa har alltid hatt eit venleg tilhøve og handlar med kvarandre. Eksport frå UAE til Japan er mellom anna råolje og naturgass og import frå Japan til UAE er mellom anna bilar og elektriske apparat.

Forsvaret

Dei Sameinte Arabiske Emirata 
Det emiratarabiske luftforsvaret sitt F-16 Block 60 tek av frå Lockheed Martin-fabrikken i Fort Worth i Texas.

Frankrike og USA har spelt ei strategisk viktig rolle med samarbeidsavtaler og forsyning av militært materiell. UAE diskuterte med Frankrike høvet til å kjøpe 60 Rafale-kampfly i januar 2013. UAE hjelpte USA i dei fyrste luftåtaka mot Den islamske staten sine mål i Syria.

Sjølv om forsvarsstyrken til UAE fyrst var liten, har han vakse kraftig opp gjennom åra og er i dag utstyrt med somme av dei mest moderne våpensystema, kjøpt frå fleire land, hovudsakleg Frankrike, USA og Storbritannia. Dei fleste offiserane er utdanna ved Royal Military Academy i Sandhurst i Storbritannia, medan andre har gått på United States Military Academy ved West Point, Royal Military College, Duntroon og St Cyr, militærakademiet til Frankrike. Frankrike opna Abu Dhabi-basen i mai 2009. Under Golfkrigen hadde USA stasjonært soldatar og utstyr i UAE, i tillegg til andre område i Persiabukta.

I 2015 deltok UAE i den saudiarabiske-leia militærintervensjonen i Jemen mot dei sjiamuslimske houthiane og styrkar som var lojale til den tidlegare presidenten Ali Abdullah Saleh, som vart avsett under opprøret i 2011.

4. september 2015 vart minst 50 soldatar frå Dei sameinte arabiske emirata og Bahrain drepne i Marib-området, sentralt i Jemen.

Politisk inndeling

Dei sameinte arabiske emirata er delte inn i sju emirat. Dubai er det mest folkerike emiratet med 35,6 % av innbyggjarane. Emiratet Abu Dhabi har 31,2% av innbyggjarane, som tyder at to tredelar av innbyggjarane i UAE bur i anten Abu Dhabi eller Dubai.

Abu Dhabi har eit areal på 67 340 km², som er 86,7 % av landet, utanom øyar. Det har ei kystline som strekkjer seg meir enn 400 km og er delt inn i tre store regionar for administrative føremål. Emiratet Dubai strekkjer seg kring 72 km langs Persiabukta. Dubai har eit areal på 3 885 km², som er 5 % av landarealet, utanom øyar. Emiratet Sharjah strekkjer seg 16 km langs kysten av Persiabukta og meir enn 80 km inn i landet. Dei nordlege emirata er Fujairah, Ajman, Ras al-Khaimah og Umm al-Qaiwain og har eit samla areal på 3 881 km². Det er to område som er under felles kontroll. Det eine er kontrollert av Oman og Ajman i fellesskap, det andre av Fujairah og Sharjah.

Wadi Madha er ein omansk eksklave som er omringa av UAE. Han ligg halvvegs mellom Musandamhalvøya og resten av Oman i emiratet Sharjah. Denne dekkjer kring 75 km² og grensa vart sett i 1969. Det norduastlege hjørnet av Madha ligg berre 10 meter frå vegen mellom Khor Fakkan og Fujairah. Inni Madha ligg ein emiratarabisk ekslave kalla Nahwa, som òg høyrer til emiratet Sharjah. Han ligg kring 8 kilometer langs ein grusveg frå byen Ny Madha. Det består av kring førti hus, med sitt eige lækjarkontor.

Flagg Emirat Hovudstad Folketal 2008 % av totalt innbyggjartal Areal (km²) % av samla areal Folketettleik
Dei Sameinte Arabiske Emirata  Abu Dhabi Abu Dhabi 1 548 655 31.2 % 67 340 86.7 % 25
Dei Sameinte Arabiske Emirata  Ajman Ajman 372 923 7.5 % 259 0.3 % 996
Dei Sameinte Arabiske Emirata  Dubai Dubai 1 770 533 35.6 % 3 885 5.0 % 336
Dei Sameinte Arabiske Emirata  Fujairah Fujairah 137 940 2.9 % 1 165 1.5 % 109
Dei Sameinte Arabiske Emirata  Ras al-Khaimah Ras al-Khaimah 171 903 3.4 % 1 684 2.2 % 122
Dei Sameinte Arabiske Emirata  Sharjah Sharjah 895 252 18.0 % 2 590 3.3 % 262
Dei Sameinte Arabiske Emirata  Umm al-Quwain Umm al-Qaiwain 69 936 1.4 % 777 0.9 % 88
Dei Sameinte Arabiske Emirata  UAE Abu Dhabi 4 967 142 100 % 77 700 100 % 56

Rettssystem

UAE har ein forbundsdomstol. Det finst tre greiner innanfor rettsstrukturen: sivil domstol, straffedomstol og sjarialov. Rettssystemet i UAE er bygd på sivilrettsystem og sjarialov. Rettssystemet består av sivile domstolar og sjariadomstolar. Ifylgje Human Rights Watch, nyttar UAE straffedomstol og sivil domstol element frå sjarialovene på ein måte som diskriminerer kvinner.

Pisking er ei straff for kriminale lovbrot som utruskap, sex før ekteskap og alkoholbruk. Dommar for pisking varierer frå 80 til 200 piskeslag. Verbalt misbruk om den seksuelle æra til ein person er straffbart med 80 piskeslag. Mellom 2007 og 2014 vart mange folk i UAE dømde til 100 piskeslag. Ulovleg sex vert stundom straffa med 60 piskeslag. I oktober 2013 vart ei filippinsk hushjelp-kvinne dømd til 100 piskeslag for å ha vorten gravid utanfor ekteskap. I Abu Dhabi har folk vortne dømde til 80 piskeslag for å ha kysst på offentleg stad.

Steining er ei lovleg straffeform i UAE. I mai 2014 vart ei asiatisk kvinne som arbeidde som hushjelp dømd til døden ved steining i Abu Dhabi. Andre utlendingar er dømde til døden ved steining for utruskap.

Shariarettane har eineretten for familierettssaker og tek seg òg av fleire strafferrettssaker som utruskap, sex før ekteskap, ran, alkoholbruk og tilknytte lovbrot. Sjariaretten tek seg av saker som ekteskap, skilsmisse og barnefordeling. Òg ikkje-muslimar kan dømmast i sjariarettane.

Fråfall er eit lovbrot som kan straffast med døden i UAE. Blasfemi er ulovleg, og utlendingar som er involverte i å fornærme islam kan visast ut av landet.

Ein ny lov forbyd banning i UAE i sosiale media og kan straffast med store bøter eller fengsel, medan utlendingar vert forviste frå landet. I juli 2015 vart ein australsk arbeidar deportert for å ha banna på Facebook.

Homoseksualitet er ulovleg og kan medføre dødsstraff i UAE. I 2013 måtte ein emiratarabisk mann i retten fordi han vart skulda for eit «homofilt handtrykk».

Amputering er eit lovleg straffemiddel i UAE etter sjarialovene. Det same er krossfesting.

Menneskerettar

Pisking og steining er lovlege straffemiddel i USA. Dette kjem av sjarialova og har vore ei føderal lov sidan 2005. Den årlege Freedom House-rapporten til Freedom in the World har oppført Dei sameinte arabiske emirata som «Ikkje fritt» kvart år sidan 1999.

UAE har sleppt unna den arabiske våren, men meir enn 100 emiratarabiske aktivistar vart fengsla og torturert då dei demonstrerte for reformer. Sidan 2011 har UAE i aukande grad utført tvinga forsvinningar. Mange utlendingar og emiratarbaiske borgarar har vorte arresterte og bortførte av staten.

Kleskode

UAE har ein sømeleg kleskode. Kleskoden er ein dei av straffelova i Dubai. Dei fleste kjøpesentera i UAE har kleskoden på skilt ved inngangen. På kjøpeseter i Dubai bør alle kvinner dekkje til skuldrene og knea sine. Kvinner har heller ikkje lov å gå i shorts.

Media

Dei emiratarabiske media vert kvart år klassifiserte som «ikkje frie» av Freedom of the Press-rapporten til Freedom House. UAE er rangert dårleg på den årlege pressefridomsindeksen til Reporters without Borders. Dubai Media City og twofour54 er dei to viktigaste mediasonene til UAE. UAE er heimstad til somme pan-arabiske kringkastarar, som Middle East Broadcasting Centre og Orbit Showtime Network. I 2007 sende sjeik Muhammed bin Rashid Al Maktoum ut ein resolusjon om at journalistar ikkje lenger kan forfylgjast eller fengslast av årsaker knytt til jobbane deira. Samstundes er det ulovleg å spreie nettbasert materiale som kan vere trugande for «offentleg orden».

Det er ikkje lov å kritisere staten, inkludert embetsfolk og medlemer av kongefamilien. Det har vore mange politisk motiverte brot på pressefridomen. Til dømes vart ein YouTube-brukar som filma og la ut materiale der ein lokal mann (som viste seg å vere ein embetsmann) slå ein utanlandsk arbeidar.

UAE har to telekommunikasjonsoperatørar, Etisalat og Emirates Integrated Telecommunications Company («du»). Etisalat operererte eit monopol fram til dei starta opp med mobiltenester i februar 2007.

Økonomi

UAE har den nest største økononmien av Golflanda (etter Saudi-Arabia), med eit bruttonasjonalprodukt (BNP) på 377 milliardar US-dollar i 2012. Sidan sjølvstendet i 1971 har økonomien i landet vakse nesten 231 gonger den opphavlege økonomien. Ikkje-oljebasert handel auka nesten 28 gonger frå 1981 til 2012. I 2011 var UAE rangert som det 14. beste landet i verda innan forretningar basert på økonomien og reguleringsmiljøet ifylgje World Bank Group.

Sjølv om UAE har den mest varierte økonomien av Golfstatane, er økonomien i landet likevel særs avhengig av olje. Med unntak av Dubai er det meste av UAE avhengig av oljeinntekter. Petroleum og naturgass speler framleis ei sentral rolle i økonomien, særleg i Abu Dhabi. Meir enn 85 % av økonomien til UAE var basert på oljeeksport i 2009. Medan Abu Dhabi og andre UAE-emirat har vore relativt konservative i korleis dei skal gjere seg mindre avhengig av olje, har Dubai, som har langt mindre oljereservar, vore modigare i diversifikasjonspolitikken.

Dubai leid under den økonomiske krisa i 2007-2010 og vart redda av oljerikdomen til Abu Dhabi. Dubai har i dag eit balanset budsjett som reflekterer økonomisk vekst. Turisme verkar som ein vekstsektor for heile økonomien i UAE. Dubai er den viktigaste turistdestinasjonen i Midtausten. Ifylgje den årlege MasterCard Global Destination Cities Index, er Dubai det femte mest populære turistmålet i verda. Dubai utgjer 66 % av turistøkonomien i landet, medan Abu Dhabi har 16 % og Sharjah 10%. Dubai tok i mot 10 millionar turistar i 2013.

UAE har den mest avanserte og utvikla infrastrukturen i regionen. Sidan 1980-åra har UAE brukt milliardar av dollar på infrastruktur. Dette er særleg tydeleg i dei store emirata Abu Dhabi og Dubai. Dei nordlege emirata fylgjer raskt etter.

Eigedomsprisane i Dubai fall dramatisk då Dubai World, det statsåtte byggselskapet, søkte om utsetjing på gjeldsnedbetaling. Økonomien er avhengig av utanlandsk arbeidskraft.

UAE tillèt ikkje fagorganisasjonar. Ein har ikkje rett til kollektive lønsforhandlingar eller streikerett, og arbeidsdepartementet har makt til å tvinge arbeidarar attende på jobb. Utanlandske arbeidarar som deltek i streik kan få arbeidsløyvet sitt annullert og verte deportert.

Samferdsle

Dubai internasjonale lufthamn var den travlaste flyplassen i verda i 2014, og tok over plassen etter London Heathrow. Ein 1200 km lang nasjonal jernbane er under utbygging og vil knyte saman alle dei store byane og hamnebyane. Dubai Metro er det fyrste metrosystemet på Den arabiske halvøya. Dei største hamnene i Dei sameinte arabiske emirata er Khalifa Port, Zayed Port, Jebel Ali, Port Rashid, Port Khalid, Port Saeed og Port Khor Fakkan.

Demografi

Historiske folketal
År Folketal ±%
1963 95 000
1968 180 226 +89.7%
1975 557 887 +209.5%
1980 1 042 099 +86.8%
1985 1 379 303 +32.4%
1995 2 411 041 +74.8%
1999 2 938 000 +21.9%
2005 4 106 427 +39.8%
2010 8 264 070 +101.2%
2011 8 925 096 +8.0%
2012 9 205 651 +3.1%
2013 9 346 129 +1.5%

UAE har ein særs variert demografi. I 2010 var folketalet i UAE estimert til 8 264 070, men berre 13 % var emiratarabarar, medan det meste av folkesetanden er utlendingar. Netto migrasjonsrate i landet er 21,71 som er det høgaste i verda.

I 2009 utgjorde emiratarabarar 16,5 % av den samla folkesetnaden. Sørasiatar (bangladesharar, pakistanarar, srilankarar og indarar) utgjorde den største gruppa, 58,4 % av totalen, andre asiatar (filippinarar, iranarar) utgjorde 16,7 %, medan vestlege var 8,4 % av den totale folkesetanden.

Kring 88 % av folkesetnaden i Dei sameinte arabiske emirata bur i urbane strøk. Forventa levealder er 76,7 år (2012), som er høgare enn i andre arabiske land.

Religion

Islam er den største og offisielle statsreligionen i UAE. Staten er tolerant mot andre religionar og blandar seg sjeldan inn i aktivitetane til ikkje-muslimar. Samstundes er ikkje-muslimar venta å unngå å blande seg inn i islamske religiøse saker eller islamsk oppdraging av muslimar.

Staten har innført restriksjonar mot å spreie andre religionar gjennom media, sida det vert rekna for forkynning. Det finst kring 31 kyrkjer i landet, eit hindutempel i regionen Bur Dubai, ein Sikh Gurudwara i Jebel Ali og eit buddhisttempel i Al Garhoud.

I 2005 var 76 % av innbyggjarane muslimar, 9 % kristne og 15 % andre (hovudsakleg hindu).

Største byar

Mal:Dei største byane i Dei sameinte arabiske emirata

Språk

Arabisk er det nasjonale språket i Dei sameinte arabiske emirata. Eit målføre kalla golfarabisk vert tala av emiratarabarane. Sidan området var verna av britane fram til 1971 er engelsk det viktigaste fellesspråket i UAE. Ein må difor kunne engelsk for søkje på dei fleste lokale jobbane.

Kultur

Dei Sameinte Arabiske Emirata 
Ein tradisjonell souk i Deira i Dubai.

Emiratarabisk kultur er basert på arabisk kultur og er påverka av kulturar frå Persia, India og Aust-Afrika. Arabisk og persisk-inspirert arkitektur er ein del av uttrykket for lokal emiratarabisk identitet. Den persiske påverknaden på emiratarabisk kultur går att i tradisjonell emiratarabisk arkitektur og folkekunst. Til dømes har «barjeel» vorten ein identifikasjonsfaktor for tradisjonelle emiratarabisk arkitektur og er komen frå persisk kultur.

Dei sameinte arabiske emirata har eit mangfelt samfunn. Store heilagdagar i Dubai er eid al fitr, som markerer slutten på ramadan og nasjonaldagen 2. desember, som markerer starten på Dei sameinte arabiske emirata. Emiratarabiske menn har ofte på seg ein kandura, ein ankelsid kvit tunika voven av ull eller bomull, og emiratarabiske kvinner går med ein abaya, ei svart drakt som dekkjer det meste av kroppen.

Mat

Den tradisjonelle maten i Emiratane har alltid vore ris, fisk og kjøt. Folk i Dei sameinte arabiske emirata et stort sett mat frå andre vestlege og sørasiatiske land, som Iran, Saudi-Arabia, Pakistan, India og Oman. Sjømat har vore ein del av det emiratarabiske kjøkenet i mange hundreår. Lam og får vert mykje nytta, etterfylgd av geit og okse. Populære drykker er kaffi og te, ofte med kardemomme, safran eller mint for å gje dei ein særeigen smak. Snøggmat har vorte stadig meir populært blant dei unge. Alkohol vert berre servert i hotellrestaurantar og barar. Alle nattklubbar har lov å selje alkohol. Somme supermarknader kan selje alkohol, men då i frå separate seksjonar. Merk at sjølv om det er lov å drikke alkohol, er det ulovleg å vere full på offentlege stader eller køyre med alkohol i blodet.

Idrett

Dei Sameinte Arabiske Emirata 
Dubai Tennis Championships i 2006.

Fotball er ein populær idrett i UAE. Al Nasr SC, Al-Ain, Al-Wasl, Al-Shabbab ACD, Al-Sharjah, Al-Wahda og Al-Ahli er dei mest populære laga. Landslaget i fotball kvalifiserte seg til VM i fotball i 1990.

Cricket er ein av dei mest populære idrettane i UAE. Sharjah Cricket Association Stadium i Sharjah har vore vertskap for fire landskampar i cricket så langt. Det emiratarbiske cricketlandslaget kvalifiserte seg til verdsmeisterskapen i 1996 og 2015.

Formel 1 er særleg populært i Dei sameinte arabiske emirata, og kvart år er det løp på Yas Marina-banen. Andre populære idrettar er kamelløp, falkejakt, langdistanseriding og tennis. Dubai har òg to store golfbanar: The Dubai Golf Club og Emirates Golf Club.

Utdanning

Utdanningssystemet fram til vidaregåande nivå er overvaka av utdanningsdepartementet i alle emirata utanom Abu Dhabi. Det består av grunnskule, ungdomsskule og vidaregåande skule. Dei offentlege skulane er statsfinansierte og pensum er tilpassa dei emiratarabiske utviklingsmåla. Læringa skjer på arabisk, med med vekt på engelsk som andrespråk. Det finst òg mange privatskular.

Høgare utdanning vert styrt av departementet for høgare utdanning. Lesekunna i 2007 var 91 %.

Dei øvst rangerte universiteta i landet er United Arab Emirates University (421–430. i verda), Khalifa universitet (441–450. i verda), American University of Sharjah (431–440.) og Universitetet i Sharjah (551–600.).

Helse

Forventa levealder i UAE er 78,5 år. Hjarte- og karsjukdomar er den vanlegaste dødsårsaken i UAE, og står for 28 % av dødsfalla. Andre store årsaker er ulukker og skadar, kreft og medfødde sjukdomar.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Dei Sameinte Arabiske Emirata  Reiseguide for United Arab Emirates frå Wikivoyage

Tags:

Dei Sameinte Arabiske Emirata HistorieDei Sameinte Arabiske Emirata GeografiDei Sameinte Arabiske Emirata PolitikkDei Sameinte Arabiske Emirata RettssystemDei Sameinte Arabiske Emirata MediaDei Sameinte Arabiske Emirata ØkonomiDei Sameinte Arabiske Emirata SamferdsleDei Sameinte Arabiske Emirata DemografiDei Sameinte Arabiske Emirata KulturDei Sameinte Arabiske Emirata IdrettDei Sameinte Arabiske Emirata UtdanningDei Sameinte Arabiske Emirata HelseDei Sameinte Arabiske Emirata KjelderDei Sameinte Arabiske Emirata BakgrunnsstoffDei Sameinte Arabiske Emirata

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Maud av NoregThorleif HaugLinda EideWoodfjordenMahatma GandhiAgnes KittelsenRøyskattA Touch of ClassBouvetøyaKibbutzBloggFreddie MercuryRune GjeldnesJonas Gahr StøreCristian RiverosHarald EiaSuzanneBritisk pundElbaLohengrin sjokoladeSandy DennyEndetarmSantamartastifthaleM187 LambertaFever av Little Willie JohnGonzález IslandNintendo 3DSFredrik SkavlanElse Kåss FurusethAleksandr RagulinAndreas WidhölzlPokémon GoMjøsaLogogramHurtigrutaAlbert GleizesWattensSionistA Whiter Shade of PaleOddaVladimir PutinRusslandHollandPaparoa nasjonalparkLuftfartøyMarit MyrmælMargidoSudokuListe over primtalSudanGustav ValsvikSkjør astmaOlsokMispelFriluftslivRimArvo ViitanenDen libyske borgarkrigenVengHansjörg JäkleVestleg kampkunstJa, vi elsker dette landetKvintakkordKjeungskjær fyrstasjonBietarSvartebokaSkjelettRoy EstradaAnnaHardingdialektVoss heradMegardsplassen🡆 More