Dei Nynorske Festspela er ei årleg mønstring av nynorskorientert kultur.
Alt frå litteratur og nynorskhistorie til musikk og biletkunst er representert.
Festspela blei første gongen arrangerte i august 1992 under namnet «Nynorsk Festspelveke». Sidan 2000 har stiftinga Nynorsk kultursentrum hatt ansvaret for arrangementet, med Ivar Aasen-tunet som sentrum for tilstellingane. Festspela blir no haldne siste veka i juni. I 2006 markerte festspela også hundreårsjubileumet til Noregs Mållag.
Kvart år utnemner Dei Nynorske Festspela ein særskilt diktar som opptrer fleire gonger i løpet av veka dei held på, og ein kunstnar som stillar ut nokre av sine verk. I dei siste åra har mellom anna Olaug Nilssen, Frode Grytten, Åse-Marie Nesse, Einar Økland og Marie Takvam vore festspeldiktarar, medan Astrid Eidseth Rygh, Margreth Olin og Raymond Klæbo har vore festspelkunstnarar.
Prisen Årets nynorskbrukar blir også delt ut under festspela. Vinnarar av denne prisen har mellom anna vore Ringstabekk skole i Bærum, Martin Toft, redaktør for universitetsavisa Uniforum, den nynorske rappegruppa Side Brok og Kari Traa
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Dei Nynorske Festspela, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.