Definisjon

Ein definisjon er ei presis avgrensing av tydingsinnhaldet i eit ord, uttrykk eller omgrep.

Ein definisjon er ei presis avgrensing av tydingsinnhaldet i eit ord, uttrykk eller omgrep.

Forklaringa skal føre til at alle som les eller høyrer ordet eller uttrykket vil ha same forståing av tydinga. Når ein til dømes utarbeider ein lov er dette svært viktig, og vert gjerne teke inn som ein av dei første paragrafane i loven. I leksikon og mange oppslagsverk er det sjølve definisjonen som er det vesentlege i innhaldet.

Intensjon og ekstensjon

Vi kan seie at setninga «A er ein B» tyder at A er medlem i mengda B, t.d. kan dette vere sant for setninga «Alfhild er ei brunette» viss Alfhild er medlem av mengda «brunetter».

Ein intensjonal definisjon gjev naudsynte og tilstrekkelege krav for at noko er medlem av ei viss mengd. For dømet over kunne ein ekstensjonal definisjon kravd at A har brunt hår og er kvinneleg.

Ein ekstensjonal definisjon er ein definisjon ved opprekning. Denne gjev ganske enkelt alle medlemmene av ei mengd. For dømet over kunne dette vore ei liste over alle brunetter.

Sjå òg

  • Forklaring

This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Definisjon, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply. (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 3.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
#Wikipedia® is a registered trademark of the Wikimedia Foundation, Inc. Wiki (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wikimedia Foundation.

In other languages:

/** SHOW / HIDE SECTION**/function mfTempOpenSection(getID) {var x = document.getElementById("mf-section-"+getID); if (x.style.display === "none") { x.style.display = ""; } else { x.style.display = "none"; }}