«Neonlicht» (1978, Tyskland)«The Model» (1981, Tyskland)«Computer Love» (1981, UK)
Das Model Singel av Kraftwerk frå albumet Die Mensch-Maschine | ||
B-side | ||
---|---|---|
Språk | tysk | |
Utgjeve | September 1978 (Tyskland) Desember 1981 (UK) | |
Innspelt | 1977–1978 | |
Sjanger | Synthpop, elektronisk | |
Lengd | 3:38 | |
Selskap | EMI Kling Klang 1C 00645109 (1978, Tyskland) EMI Kling Klang 1C 006 78078(1981, Tyskland) EMI Capitol EMI5207 (UK) | |
Komponist | Karl Bartos, Ralf Hütter | |
Tekstforfattar | Ralf Hütter, Emil Schult | |
Produsent | Ralf Hütter, Florian Schneider | |
Kraftwerk-kronologi | ||
«Die Roboter» (1978) | Das Model | «Taschenrechner» (1981)
|
«Das Model» (på albumet skrive: «Das Modell»; engelsk versjon: «The Model») er ein song av electro-pop-gruppa Kraftwerk frå 1978. Han vart skriven av Ralf Hütter og Karl Bartos, med Emil Schult medverkande på tekst. Songen vart gjeve ut på albumet Die Mensch-Maschine (engelsk versjon The Man-Machine.
Songen vart først gjeve ut som singel i Tyskland medan den engelskspråklege versjonen av songen vart gjeven ut som B-side til singelen «Computer Love» i juli 1981. Denne versjonen nådde 36. plassen på den britiske singellista. Då radio-DJar starta å spele B-sida, gav EMI ut at singelen på ny i desember 1981 - visstnok mot ønsket til bandet - med «The Model» som A-side. Denne nådde førsteplassen på den britiske singellista i februar 1982 og låg i alt 21 veker inne på Topp 25 på UK singles charts.
Liste (1978) | Plaslsering |
---|---|
Nederland | 43 |
U.S. Billboard Hot Dance Club Play | 39 |
Liste (1982) | Plassering |
Tyskland | 7 |
Nederland | 41 |
Irland | 4 |
UK Singles Chart | 1 |
Das Modell Singel av Rammstein | ||
B-side | «Kokain» | |
---|---|---|
Språk | tysk | |
Utgjeve | 23. november 1997 | |
Innspelt | Temple Studios på Malta, 1997 | |
Sjanger | Neue Deutsche Härte, industrial metal | |
Lengd | 4:46 | |
Selskap | Motor Music | |
Komponist | Karl Bartos, Ralf Hütter | |
Tekstforfattar | Ralf Hütter, Emil Schult | |
Produsent | Jacob Hellner med Rammstein | |
Rammstein-kronologi | ||
«Du hast» (1997) | Das Modell | «Du riechst so gut '98» (1998)
|
Det tyske tanz metal-bandet Rammstein spelte inn ein tysk versjon av «Das Model» i 1997 som «Das Modell». Songen var ikkje gjeve ut på noko album.
«Das Modell» vert introdusert av ei fransk setning av filmregissøren Mathilde Bonnefoy: «Mesdames et messieurs, nous avons l'honneur ce soir, de vous présenter la nouvelle collection de Rammstein» som tyder «Damer og herrar, i kveld har me den ære og presentere den nye samlinga til Rammstein for dykk» –
Trass i at han vart gjeven ut som singel, vart «Das Modell» berre framført på konsert ein gong, den 23. oktober 1998 i St. Louis, MO, USA, under Family Values-turneen.
Liste (1997/1998) | Plassering |
---|---|
Tyskland | 5 |
Austerrike | 18 |
Sverige | 41 |
Songen vart først spelt inn av Snakefinger på debutalbumet hans Chewing Hides the Sound i 1979. Støyrockpinoerane Big Black spelte songen på albumet deira Songs About Fucking i 1987. Han er òg spelt inn av The Cardigans, The Members, Terrorvision (med Die Cheerleader), Carter USM, Canasta, The Divine Comedy, Electric Six, Yat-Kha, Balanescu Quartet, Hikashu, Ride, Chris Whitley, Aviador Dro, Eläkeläiset og Zoot Woman, Scala & Kolacny Brothers, Messer Chups, Demolition Group, Wunderkind, Treble Spankers, Fink, Tickled Pink, Sopor Aeternus & the Ensemble of Shadows (på latinsk som 'Modela Est'), Supernaut og Lola Dutronic.
}}
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Das Model, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.