Cristina Elisabet Fernández de Kirchner (fødd 19.
februar 1953) var president i Argentina frå desember 2007 til desember 2015. Ho overtok presidentskapen etter ektemannen, Néstor Kirchner som hadde fireårsperioden før henne, og ho vart gjenvald i oktober 2011.
Cristina Fernández de Kirchner | |||
| |||
Fødd | 19. februar 1953 (71 år) La Plata, Tolosa | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Argentina | ||
Yrke | politikar, advokat | ||
Institusjonar | Presidency of the Argentine Nation | ||
Utdanna ved | Universidad Nacional de La Plata | ||
Ektefelle | Néstor Kirchner | ||
Barn | Máximo Kirchner, Florencia Kirchner | ||
Verv | President i Argentina 2007-2015 | ||
Føregangar | Néstor Kirchner | ||
Etterfylgjar | Mauricio Macri | ||
Alle verv |
|
Cristina Fernández de Kirchner er oppvaksen i Buenos Aires. Ho er utdanna jurist og har vore politisk aktiv for peronistpartiet sidan 1970-åra. I 1995 vart ho fyrste gongen medlem av senatet, og frå 1997-2001 fekk ho eit sete i nasjonalforsamlinga. Då Néstor Kirchner vart president i 2003, vart ho som presidentfrue presidentens næraste rådgjevar, og fekk fleire framståande stillingar. Under presidentvalet i 2007 vann ho fyrste omgang med 44,7 % av røystene, meir enn 10 % meir enn nærmaste motstandar. Då Néstor Kirchner døydde i 2010, auka oppslutninga om den sitjande presidenten. I 2011 vann ho gjenvalet med eit endå større forsprang på motstandarane enn i 2007. Som president har Cristina Fernández de Kirchner vidareført den økonomiske politikken til ektemannen, som hjelpte landet gjennom finanskrisa.
Presidenten har også hevda argentinsk suverenitet over dei britiske Falklandsøyane som ligg utanfor den argentinske kysten. Argentina hevdar at øyane vart tekne frå Argentina med makt i 1833. Britane går imot denne versjonen av historia og meiner øyane retteleg tilhøyrer Storbritannia. Falklendarane sjølve røysta i mars 2013 over om dei ville tilhøyre Argentina eller Storbritannia, og overveldande 99 % røysta Storbritannia. Cristina Fernández de Kirchner har no skrive eit ope brev til den argentinske nyutnemnde pave Frans I og bede han mekla i konflikten.
«Cristina_Fernández_de_Kirchner» i Store norske leksikon, snl.no.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Cristina Fernández de Kirchner, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.