«Corrine, Corrina» er ein 12-taktsblues på AAB-format.
Han vart først spelt inn av Bo Chatmon and the Mississippi Sheiks (Brunswick 7080, desember 1928). Men opphavretten til songen fekk Chatmon og utgjevarane hans først i 1932. Songen er kjend for opningsverset:
The Mississippi Sheiks, som Jackson Blue Boys med Charlie McCoy på vokal, spelte songen inn same dag i eit anna studio, men denne gongen som «Sweet Alberta» (Columbia 14397-D), der orda Sweet Alberta var bytta ut med Corrine, Corrina.
«Corrine, Corrina» har vorte ein standardsong i fleire musikksjangrar, inkludert blues, rock and roll, cajunmusikk og western swing.
Tittelen på songen varierer frå innspeling til innspeling, og ein vanleg variant er «Corrina, Corrina».
«Corrine, Corrina» kan ha tradisjonelle røter, men tidlegare utgåver av songen er forskjellige både musikalsk og tekstmessig. Ein av dei første utgåvene av han vart gjeve ut på noteark som «Has Anybody Seen My Corrine?» av Roger Graham i 1918. Vernon Dalhart spelte inn ein vokalversjon av denne utgåva i same året. Det same gjorde Wilbur Sweatman's Original Jazz Band, men som ein instrumental. Teksten på denne utgåva går:
Blind Lemon Jefferson spelte inn ein versjon av «C.C. Rider» i april 1926 kalla «Corrina Blues», som inneheld eit liknande vers:
Før den andre verdskrigen omgjorde Bob Wills «Corrine, Corrina» til ein danselåt i western swing-stil. Etter innspelinga hans med Texas Playboys 15. april 1940 vart songen ein del av standardrepertoaret til alle western swing-band, noko som førte til at fleire cajunband omforma songen og seinare fleire countryartistar.
Sjølv om Wills sin versjon gjorde songen til ein standard, hadde tidlegare swing-grupper alt spelt «Corrine, Corrina», som Milton Brown and his Musical Brownies i 1934. Deira versjon heitte «Where You Been So Long, Corrine?».
«Corrine, Corrina» er òg ein viktig song fordi det var første gong ein elektrisk gitar vart nytta på ei innspeling. Dette skjedde 28. september 1935 av Roy Newman and His Boys spelt av gitaristen deira, Jim Boyd
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Corrine, Corrina, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.