Samtale i Katedralen, original tittel Conversación en La Catedral, (1969) er den tredje romanen av den peruanske forfattaren og nobelprisvinnaren i litteratur, Mario Vargas Llosa, og anerkjent som eit av dei store verka hans.
Hendingane i romanen går føre seg i Peru i tida under diktaturet til general Manuel A. Odría, og handlar om livet til karakterar frå ulike sosiale lag. Den ambisiøse forteljinga er bygd rundt historiene til Santiago Zavala og Ambrosio høvesvis. Førstnemnte er son av ein minister, den andre er sjåføren hans. Eit tilfeldig møte på ein heim for eigarlause hundar, fører til ein opprivande samtale som held fram på ein nærliggjande bar kjent som «Katedralen». Gjennom møtet søkjer Zavala etter sanninga om faren si rolle i mordet på ein vidkjent peruansk figur frå underverda, og undervegs kastar romanen ljos på kva som hender i eit diktatur.
Hovudpersonen, Santiago Zavala, er ein student ved San Marcos-universitetet i Lima, og er medlem av aktivistgruppa Cahuide ved universitetet som var i opposisjon til diktaturet. Santiago er basert på Vargas Llosa sine eigne livserfaringar frå dei første åra ved San Marcos der han òg var medlem av Cahuide. I romanen syner hovudpersonen Santiago Zavala eit pessimistisk syn på det peruanske samfunnet på 1950-talet, samstundes som han famnar om det å vere middelmåtig. Meir generelt er romanen ei undersøking av dei djupe røtene til korrupsjon og svikt i peruansk politikk, og i regjeringa på 1950-talet.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Samtale i Katedralen, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.