Commodus: Romersk keisar

Lucius Aurelius Commodus (fødd 31.

august">31. august 161 i Lanuvium, død 31. desember 192 i Roma) var keisar over Romarriket frå år 180 til 192. Han var den siste keisaren i Nerva-Antonin-dynastiet.

Commodus
Commodus: Liv og gjerning, Etter Commodus, Kjelder
Statsborgarskap Romarriket
Fødd 31. august 161
Lanuvium
Død

31. desember 192 (31 år)
Roma

Yrke herskar
Språk latin
Føregangar Marcus Aurelius
Etterfylgjar Pertinax
Religion romersk religion
Far Marcus Aurelius
Mor Faustina den yngre
Ektefelle Bruttia Crispina
Partnar Marcia
Commodus på Commons
Commodus: Liv og gjerning, Etter Commodus, Kjelder
Commodus i Herkules-utstyr,
Kapitolmusea

Commodus la seg ut med dei skrivande elitane og fekk eit så dårlig ettermæle at det ikkje er lett å skilje rykte frå sanning. Sikkert er at han som ung og urøynd einekeisar var meir innstilt på fest og moro enn å ta på seg tyngande styringsplikter, og overlét mykje av styringa til personar som viste seg å misbruke makta.

Liv og gjerning

Commodus var son av keisar Marcus Aurelius og Faustina den yngre.

Sommaren 177 vart Commodus utnemnd til medkeisar ved sida av faren. August året etter drog dei i felten under den andre markommannarkrigen. Marcus Aurelius døydde i feltleiren våren 180, truleg i ein stor kopparepidemi, og Commodus, som no var eineherskar, slutta ein lite ærerik fred med markomannarane. Like fullt toga han i triumf inn i Roma oktober 180.

Commodus viste seg som ein gåvmild keisar som gav folket rikeleg med brød og sirkus. Mykje tyder på at han var ganske omtykt av folket i store delar av styringstida si, men sjenerøsiteten og skulda etter farens krigartokt tyngde statsfinansane, så han søkte å avhjelpe situasjonen ved å auke skattlegginga av senatorane, noko som var med på å gjere tilhøvet til senatet vanskeleg. Etter fleire samansverjingar vart Commodus naturleg nok mistenksam, og han valde å isolere seg i palasset der han berre hadde kontakt med eit fåtal personar han meinte var å lite på. I røynda var Roma mellom år 182 og 189 styrt av leiarane av pretorianargarden, Perennis i perioden 182–185 og Cleander mellom 186 og 189. Begge vart avretta etter å ha gjort seg skuldige i mange og grove maktovergrep.

Etter som åra gjekk vart åtferda til Commodus meir og meir surrealistisk og forderva. Han tok til å kle seg som den guddommelege helten Herkules, komplett med løveskinn og klubbe, og frå september 192 tok han Herkules som offisielt namn. Han sørgde for å få avretta søstera og sitt eige avkom på mistanke om samansverjing. Han døypte om dei tolv månadene i året så dei eksakt tilsvara dei mange namna hans: Lucius, Aelius, Aurelius, Commodus, Augustus, Herculeus, Romanus, Exsuperatorius, Amazonius, Invictus, Felix, Pius. Dei siste åra av regjeringstida si insisterte han på skulle heite «Gullalderen».

Ifølge dei ikkje alltid like pålitelege sogeskrivarane samla han saman eit stort harem med dei vakraste kvinnene han fann. Han skal òg ha gått i ringen som gladiator og nedkjempa både villdyr og gladiatorar. Truleg var gladiatorane han kjempa mot ikkje fullt kampføre og/eller utstyrte med tresverd.

Etter ei rad feilslåtte mordsamansverjingar lukkas det tilslutt ein slave å drepe Commodus i badet.

Etter Commodus

Commodus var den siste i Nerva-Antonin-dynastiet. Frå og med keisarane Nerva og til og med Marcus Aurelius hadde Romarriket ei rad gode keisarar. Ein del av grunnen var at keisarane i denne perioden ikkje fekk eigne søner før Marcus Aurelius fekk Commodus og hadde for vane å adoptere dugande keisaremner. Etter «adoptivkeisarane si tid» og Commodus' vanstyre følgde kaos og forfall under «soldatkeisarane si tid».

Minnet etter Commodus vart fordømd straks han var død, t.d. uttrykte senatet at han hadde vore «grusommare enn Domitian og meir forderva enn Nero». Sidan Commodus hadde vore på kollisjonskurs med dei skrivande elitane, vart ettermælet hans så sverta at det ikkje er lett å skilje rykte frå sanning, særleg Dio, Herodianus og Historia Augusta låttleggjorde Commodus for eskapadane hans i dei siste åra av styringstida.

Kjelder

Referansar

Bakgrunnsstoff

Commodus: Liv og gjerning, Etter Commodus, Kjelder  Wiki Commons har multimedia som gjeld: Commodus

Tags:

Commodus Liv og gjerningCommodus Etter Commodus KjelderCommodus ReferansarCommodus BakgrunnsstoffCommodus16119231. august31. desemberRomaRomarriket

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

IranColombiaSkandinaviaFreaks of Nature av KansasRichie FaulknerBon Iver, Bon IverSvartehavetSnikkarVang kommuneEinatNynorsk WikipediaStorfeTriasTutankhamonKopplamByar i HellasCarl XVI Gustaf av SverigeGraham NashVinter-OL 1988JantelovenAleksander den storeKolonialhandelJacob Tullin ThamsDomenetapFredrik SolvangKumøkkPalermoStilarkGeorg Wilhelm Friedrich HegelOs kommune i HordalandHumphrey BogartFrankararØresundbruaInnsjøar i SverigeDet første krosstogetPesahSikhismenMagnetisk feltstyrkeTunisiaSilje NordnesRSSAndJødedommenBuNatriumThe Power to BelieveSergej SjojguKanye WestÐSvenske folkeeventyrSupermannSpeidarrørslaLiechtensteinWilliam OrpenPilIndonesiaErnst JosephsonGrønlandMicrosoft WindowsWikimediaNazistValutaJasmine Camacho-QuinnØrnPlantarVerkstadBrennverdiFinlandHar SedomStar WarsKristendommenLarge Binocular TelescopeAda LovelaceKónitsaDei sameinte arabiske emirata🡆 More