Christian Rynning-Tønnesen

Christian Wilhelm Rynning-Tønnesen (fødd 18.

juni 1959) er ein norsk forretningsmann. I størstedelen av karrieren sin har han arbeidd i Statkraft, frå 1992 til 2005, då han byrja som konserndirektør for finans i Norske Skog. I juni 2006 vart han konsernsjef etter Jan Oksum i ein vanskeleg periode for selskapet. Før dette hadde han takka ja til å verte konsernsjef i Agder Energi, men ombestemte seg før han byrja i stillinga. I november 2009 melde Rynning-Tønnesen til styret i Norske Skog at han ville fråtre stillinga si som konsernsjef i Norske Skog for å byrje i same stilling i Statkraft.

Christian Rynning-Tønnesen
Christian Rynning-Tønnesen
Fødd18. juni 1959
NasjonalitetNoreg
Yrkeforretningsdrivande
Alma materNoregs tekniske høgskole

Karriere

Rynning-Tønnesen vart fødd i Oslo, og voks opp i Kristiansand og Bergen. Far hans, Carl M. Rynning-Tønnesen, og bestefar hans var begge framståande politimeistrar i Kristiansand, men Rynning-Tønnesen utdanna seg til sivilingeniør på NTNU (då NTH) i Trondheim. Han byrja den profesjonelle karrieren sin som forskar ved SINTEF, arbeidde med produktutvikling for Esso Norge frå 1985 til 1989, og deretter som rådgjevar i McKinsey & Company frå 1989 til 1992.

I 1992 vart han tilsett i Statkraft. Der hadde han fleire ulike leiarstillingar med strategi, marknad og finans som fellesnemnar. Han vart fungerande konsernsjef i 2003, og var visedirektør for finans i 2005. 1. april 2005 byrja han som konserndirektør for finans i Norske Skog. Mellom anna arbeidde han med den mykje omdiskuterte nedlegginga av papirfabrikken Norske Skog Union.

20. februar 2006 vart det kjent at Rynning-Tønnesen hadde fått jobben som konsernsjef i det Statkraft-åtte og Kristiansand-baserte kraftselskapet Agder Energi. Han hadde vorte handplukka til jobben, og hadde ikkje søkt på han. Styreleiar i Agder Energi sidan desember 2005, Sigmund Kroslid, kalla Rynning-Tønnesen «styrets klare førstekandidat». Stavanger Aftenblad skreiv at den nye konsernsjefen ikkje ville forhandle om fallskjerm. Det var uklart kva tid Rynning-Tønnesen faktisk skulle tiltre stillinga, men tidleg i juni besøkte han Agder Energi for å gjere førebuingar. Veka etter takka han nei til stillinga, for i staden å verte konserndirektør for finans i Norske Skog. Han hadde i all hemmelegheit fått tilbodet om stillinga i Norske Skog.

Jan Oksum, som i februar 2006 «beklaga» at Rynning-Tønnesen forlét Norske Skog, vart sagt opp grunna dårlege resultat. Dei dårlege resultata heldt fram under leiing av Rynning-Tønnesen, grunna lågare internasjonal interesse og minkande etterspurnad etter papir. Frå februar til november 2007 fall verdien på Norske Skog på Oslo Børs med 20 %. I 2008 minka aktiviteten på Norske Skog Follum, etter at tapet heldt fram. Like fullt fekk i 2008 ein pris for leiarskap, «European CEO of the Year for the pulp and paper industry», frå informasjonsselskapet RISI.

Rynning-Tønnesen tiltrer som konsernsjef for Statkraft sommaren 2010, og vil halde fram med ei årsløn på 3,9 millionar kroner. Dette er 0,4 millionar meir enn det føregangaren hans, Bård Mikkelsen, tener. Summen er den høgste årsløna for ein leiar i eit statleg selskap i Noreg.

Privatliv

Rynning-Tønnesen bur på Jar i Bærum kommune, nær Ringstabekk. Han er gift og har fire ungar.

Kjelder

Referansar

Tags:

Christian Rynning-Tønnesen KarriereChristian Rynning-Tønnesen PrivatlivChristian Rynning-Tønnesen KjelderChristian Rynning-Tønnesen18. juni1959Norske SkogStatkraft

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Orkdal kommuneGuvernørGunnhild SundliMickey RaphaelFilmserien Harry PotterRundeskattenMS «Venus» (1931)Elisabeth AndreassenToscakakePanamakanalenAkslaUN-nummerEuropaPåskeHasardUSASogndal kommuneKjell Magne BondevikIltalehtiEirik RaudeHeaven for Everyone27. marsViking FotballklubbVerdas landKveiteVerdas språk etter utbreiingFjodor DostojevskijVaktelHalldis Moren VesaasTysklandElvis PresleySpektralklasseMolde kommuneMercury-Atlas 9Carl Philip av SverigeAgatha ChristieWe Can't DanceAarne-Thompson-systemet2015Verdscupen i skiskyting 2024NordaustpassasjenInformasjonskapselGe'ezÅl kommuneKnut Marius DjupvikSamfunnsromanHesjeDen europeiske unionenLepsøyaTorstein FlakneURLRoald ØyenHilde Louise AsbjørnsenVulkanar i ItaliaEngerdal kommuneNotoddenAnnita á FríðriksmørkBeer AjamGeorgia923NazismeKrøllalfaRøyskattKaptein Sabeltann26. marsOle Gunnar SolskjærRoyal NavyPotsdamBarysentrumSortland kommuneSamleiePolhavet«Fram»PGrunnstoffliste etter namn🡆 More