Charles Douglas Musselwhite (fødd 31.
januar 1944) er ein USA-amerikansk blues-munnspelspelar og bandleiar, ein av dei kvite bluesmennene som vart kjend tidleg i 1960-åra i lag med Mike Bloomfield og Paul Butterfield. Han har ofte blitt omtalt som ein «kvit bluesmann». Musselwhite var visstnok inspirasjonen for Elwood Blues; rollefiguren spelt av Dan Aykroyd i filmen The Blues Brothers i 1980.
Charlie Musselwhite | |||
Musselwhite på New York City Blues Cruise i 2003 | |||
Fødd | 31. januar 1944 (80 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Kosciusko i Mississippi i USA | ||
Fødenamn | Charles Douglas Musselwhite | ||
Alias | Memphis Charlie | ||
Opphav | Memphis i Tennessee i USA | ||
Aktiv | Sidan 1966 | ||
Sjanger | Electric blues, bluesrock, southern rock, countryblues, boogie-woogie | ||
Instrument | Munnspel, gitar, vokal | ||
Plateselskap | Vanguard, Arhoolie, Capitol, Crystal Clear, Kicking Mule, Blue Rock'It, Alligator, Virgin, Real World, Narada, Blind Pig | ||
Verka som | Musikar, songar, låtskrivar | ||
Prisar | Grammy Award for Best Blues Album, Blues Hall of Fame, Blues Music Award |
Musslewhite flytta til Chicago i ung alder og starta der eit livslangt venskap med John Lee Hooker. Han starta sitt eige bluesband og gav ut albumet Stand Back! Here Comes Charley Musselwhite's Southside Band i 1966. Sidan den gongen har Musselwhite gjeve ut over 20 album og har vore gjesteartist hos mange andre musikarar, som Bonnie Raitt på Longing in Their Hearts og Blind Boys of Alabama sitt Spirit of the Century, som begge vann Graymmyprisar. Han spelte òg på Tom Waits sitt Mule Variations og INXS sitt Suicide Blonde.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Charlie Musselwhite, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.