Caroline Omberg: Norsk foredragshaldar, musikar, EQ-terapeut og skribent

Caroline Omberg (fødd 1984 som Caroline Andersen) er ein norsk foredragshaldar og musikar.

Ho er vokalist i punkrockbandet Caroline & the Treats. Som foredragshaldar er spesialfeltet hennar er å snakka med ungdom om kjensler og seksualitet, og ho har i det sambandet vore nominert til Skamløsprisen. Ho fortel òg om barndom, oppvekst og emosjonell intelligens. Caroline er utdanna EQ-terapeut ved EQ Institute, grunnlagt av Dora Thorallsdottir m.fl. Caroline er pedagog, og studerer Grunnskulelærar 1-7. Ho har podcasten AVKOM saman med Mina Hadijan og Martine Rand.

Caroline Omberg
Caroline Omberg: Utdanning og annan karriere, Samfunnsdebattant, Musikk, tv og spelefilmar
Fødd1984 (40 år)
FødestadOslo
FødenamnCaroline Andersen
Verka somdansar, songar, foredragsholder

Omberg har skrive ei rekkje kronikkar om rettane til barnehagebarn og skule.

Ho har bakgrunn som tidlegare eksotisk dansar, skodespelar og burlesk-dansar. Ho var med på å grunnleggja den første burlesk-gruppa i Noreg, The Fleshoticas, i 2006.

Utdanning og annan karriere

Omberg kjem frå Snarøya og er oppvaksen i Oslo. Ho er utdanna innan reklame og merkevarebygging med tittelen «merkevarekommunikatør» etter fullført studium. Ho er under utdanning til EQ-terapeut, og studerer òg pedogogikk.

Omberg arbeider i dag som foredragshaldar innan mental og seksuell helse. Spesialfeltet hennar som foredragshaldar er å snakka med ungdom, helsepersonell og lærarar om både kjensler og seksualitet og dessutan om skilnaden på sex og porno. Ho snakkar òg om barndom, oppvekst og emosjonell intelligens.

I 2014 bidrog ho med eit essay i boka Prince "Shockadelica". I 2018 var ho ein av forfattarane bak antologien "Det skjer nå - Fortellinger fra en feministisk revolusjon". I 2019 samarbeidde ho med Sex og Politikk om å laga eit undervisningsmateriell om seksualitet versus pornografi til bruk i grunnskulen.

Samfunnsdebattant

Omberg er aktiv samfunnsdebattant når det gjeld barnehagepolitikk, og har skrive ei rekkje kronikkar når det gjeld rettane til barnehagebarn. Ho var grunnlegg av Foreldreopprøret og er leiar Foreldreutvalget for barnehagar i Oslo. I podcasten AVKOM, som ho har saman med Mina Hadijan og Martine Rand, snakkar ho om det å vera mor.

Omberg uttalar seg stadig om ungdom og seksualitet i media og debattar, og i 2018 var ho nominert til Skamløsprisen.

Musikk, tv og spelefilmar

Omberg medverka òg i nokre spelefilmar i Noreg og hadde si første filmrolle i Hjelp, vi er russ! frå 2011, der ho spelte servitrisa Gudrun Gundersen.

I 2008 danna ho punkrockebandet Caroline & The Treats saman med den dåverande partnaren sin Morten Henriksen. Bandet har gjeve ut to album og to singlar og turnert i USA, Spania, Tyskland, Noreg og Italia. Bandet bidrog òg med sin versjon av låta «Fagre Mø» til tributeplata Sannhet på boks - en hyllest til Raga Rockers i 2015 og sin versjon av «Me and my Vibrator» på tributeplata Dr. Demento - Covered in Punk i 2018.

I 2010 medverka ho i ein episode av NRK-Programmet Trekant, og våren 2013 medverka ho i NRK-Programmet Typen til (Leo Ajkic). Same året deltok ho òg i Masterchef Kjendis. I 2017 bidrog ho i NRK-programmet Line fikser kroppen.

Karriere innan eksotisk underhaldning

Caroline Omberg: Utdanning og annan karriere, Samfunnsdebattant, Musikk, tv og spelefilmar 
Omberg som 24-åring i 2008, frå den tida ho undersøkte pornoindustrien, noko ho seinare omtalte som eit "sosialt eksperiment".
Foto: Arild J. Waagbø / Nettavisen

Omberg hadde eiga spalte i FHM om seksualitet i perioden 2007–2008. Som ein del av ein repotasjeidé byrja ho å undersøkja pornofilmar i 2008, og i cirka seks veker, fordelt over eit år, spelte ho i eit utval filmar. Dette har ho seinare omtalt som eit feministisk initiert «sosialt eksperiment», og ho har seinare brukt i foredragsverksemd.

Ho var òg ein av tre medlemmar i burlesk-dansegruppa The Fleshoticas. Som burlesk-dansar hadde ho artistnamnet «Miss Prrrrrrrr». Ho var òg sjølvstendig næringsdrivande strippar, og då brukte ho namnet «Strippeline».

Frå 2009 var ho fast spaltist i det pornografiske bladet Aktuell Rapport, der ho skreiv fiktive historier. Ho slutta i pornoindustrien i 2009, og la òg opp som strippar i 2012.

Diskografi

  • 2009 Birthday Suit – singel – digitalt og rosa vinyl
  • 2010 Bad All Over – album – digitalt, cd og vinyl
  • 2011 Wam Bam Baby – singel, digitalt
  • 2012 Saturday Night, Rock & Roll - digitalt, CD, vinyl
  • 2015 Sannhet på boks - en hyllest til Raga Rockar #seg
  • 2018 Dr. Demento Covered in Punk - samlealbum / tributealbum

Filmografi (spelefilmar, utval)

  • 2009: Tomme Tønner, strippar
  • 2010: Fatso, strippar
  • 2010: Kommandør Treholt og Ninjatroppen, stripper/burleskdansar
  • 2011: Hjelp, vi er russ! - Gudrun Gundersen

Bibliografi

  • 2014 - Prince / Shocadelica, Falck / Aagaard, Falck Forlag
  • 2018 - Det skjer nå - Fortellinger fra en feministisk revolusjon, Helena Brodtkorp (Red.), Kagge Forlag

Kjelder

Tags:

Caroline Omberg Utdanning og annan karriereCaroline Omberg SamfunnsdebattantCaroline Omberg Musikk, tv og spelefilmarCaroline Omberg Karriere innan eksotisk underhaldningCaroline Omberg DiskografiCaroline Omberg Filmografi (spelefilmar, utval)Caroline Omberg BibliografiCaroline Omberg KjelderCaroline Omberg1984Mina Hadjian

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Bruno CoutinhoWiki CommonsProfessor emeritusSymbolFrankrikeInnsjøar i SverigeNazismeLysStand by MeMaiken Caspersen FallaEnaresjøenMariann Vestbøstad MarthinsenVolda kommuneErik AndersenJordas dagDurgaA Collection of Great Dance SongsDet ukrainske alfabetetParisErnst JosephsonGraham NashDisney Channel SkandinaviaISO 4217KrigMarcus & MartinusLarge Binocular Telescope2016SunnhordlandsdialektNorske bilandGrunnstoffliste etter atomnummerSigmaAkslaSikhismenDei fem K-ane i sikhismenTangentØystein SundeJacob Tullin ThamsOksidasjonDeAnna PriceSilkehegreH.C. AndersenNicolette LarsonLavaBloggerSeladonAustraliaTuvinskRussisk litteraturBrennverdiMozilla Firefox24. aprilTysklandNasjonale minoritetar i NoregJa, vi elsker dette landetEddie MurphyBook of KellsSymbol i hinduismenPanserbataljonenEtnos og demosØBetasuppeEukaryotarSinaihalvøyaPogóniLangnebbparakittStrilamålTaleVinter-OL 1988Henrik II av EnglandAustralopithecusNasjonaldrikkVendland🡆 More