Carl Frode Tiller (fødd 4.
januar 1970) er ein norsk forfattar, historikar og musikar frå Namsos.
Carl Frode Tiller | |
Nasjonalitet | Norsk |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 4. januar 1970 (54 år) Namsos |
Yrke | Forfattar |
Språk | nynorsk |
Periode | 2001- |
Sjanger | roman |
Debut | Skråninga |
Nettstad | cftiller.no |
Carl Frode Tiller på Commons |
Tiller forfattardebuterte med romanen Skråninga i 2001. Boka vart svært godt teken mot av kritikarane og han fekk Tarjei Vesaas' debutantpris og P2-lytternes romanpris for henne. Romanen Innsirkling frå 2007 gav han Brageprisen. Han vart nominert til Nordisk Råds litteraturpris for både Innsirkling og Innsirkling 2, og fekk European Union Prize for Literature i 2009 for Innsirkling. Tiller skriv bøkene sine på nynorsk.
Bøkene hans har vorte omsette til svensk, dansk, islandsk, fransk, tsjekkisk, ungarsk og tysk.
Saman med Håvard Thørring er han gruppa Kong Ler, som har utgjeve to CD-ar.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Carl Frode Tiller, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.