Candy corn er små, trekanta godteri frå USA.
Dei er typisk delte inn i tre delar med ulike fargar, og har ein voksaktig tekstur og smak basert på honning, sukker, smør og vanilje. Candy corn er utbreidd om hausten og til halloween i USA.
Den opphavlege oppskrifta, som i stor grad framleis er i bruk, går ut på å blanda sukker, maissirup, karnaubavoks og vatn til ei røre og deretter blanda inn fondant og marshmallows for å oppnå den ønska teksturen. Den ferdige blandinga blir varma opp og helt oppi former. Ein må gjera dette tre gonger, ein gong for kvart fargelag.
Dei tradisjonelle fargane gult, kvitt og oransje står for haustfargar eller maiskolbar, der den vide gule enden minnar om maiskorn.
Godteriet blei først laga seint på 1880-talet under namnet «Chicken Feed». Det blei funne opp av ein tilsett ved Wunderle Candy Company, George Renninger. Wunderle Candy Company byrja produsera godteriet i 1888. I 1898 byrja også Goelitz Confectionery Company (no kjend som Jelly Belly) å laga produktet. Godteriet blei opphavleg laga for hand.
På slutten av 1800-talet prøvde amerikanske godteriprodusentar å selja produkta sine til eit hovudsakleg bygdebasert jordbrukssamfunn. Godteri laga av butter cream og forma i mange naturinspirerte former, som kastanjar, turnips og trekløverblad. Candy corn skilde seg ut med dei tre sterke fargane sine.
Sjølv om candy corn var mest populært om hausten, var det ikkje alltid knytt til denne årstida eller halloween. I første halvdel av 1900-talet var det ei vanleg form for penny candy eller godteri selt i lausvekt, og blei marknadsført som ein rimeleg, populær søtsak ein kunne eta året rundt. Candy corn blei til eit haust- og halloweengodteri rundt 1950-talet, då folk byrja å gje godteriposar til under som gjekk på trick-or-treat. Haustfargane og auka marknadsføring av godteriet i oktober hjelpte også candy corn til å bli eit særs utbreidd haustgodteri.
Medan Jelly Belly framleis lagar candy corn er den største produsenten i nyare tid Brach's Confections, som tilhøyrer Ferrara Candy Company. Brach’s lagar rundt 7 milliardar candy corn kvart år, og står for rundt 85 % av det totale salet i halloweensesongen.
Ein populær versjon kalla harvest corn har ein sjokoladefarga brei ende, oransje midtdel og kvit spis, og er ofte tilgjengeleg rundt thanksgiving. Ein halloweenvariant er blackberry cobbler candy corn med svart, lilla og kvit farge. Det finst også andre fargevariantar for andre høgtider. Julevarianten, som tidvis blir kalla reindeer corn, har typisk ein raud ende og grøn midtdel, medan valentinsdagvarianten (tidvis kalla cupid corn) typisk har ein raud ende og rosa midtdel. I samband med sjølvstendedagen i USA kan ein ha candy corn med ein blå ende, kvit midtdel og raud spiss, med nemninga freedom corn. Påskevarianten (tidvis kalla bunny corn) har vanlegvis berre to fargar, og har typisk ein pastellfarga ende (rosa, lysegrøn, gul eller lilla) og ein kvit ende, seld saman i ein pose
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Candy corn, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.