Campotostosjøen er eit vassreservoar i Abruzzo i Italia.
Reservoaret ligg i ei høgd på 1 313 meter over havet og dekkjer eit område på 14 km².
Campotostosjøen | |||
innsjø | |||
Land | Italia | ||
---|---|---|---|
Område | Abruzzo | ||
Innsjøtype | Reservoar | ||
Tilsig | Fucino | ||
Utløp | Fucino | ||
Nedslagsfelt | 47,5 km² | ||
Høgd over havet | 1313 moh. | ||
Areal | 14 km² | ||
Største djupn | 38 m | ||
Volum | 230 millionar m³ | ||
Koordinatar | 42°31′51″N 13°23′00″E / 42.53083°N 13.38333°E | ||
Campotostosjøen 42°31′51″N 13°23′00″E / 42.530833333333°N 13.383333333333°E | |||
Wiki Commons: Lago di Campotosto | |||
Området var opphavleg ei stor torvmyr, som vart nytta som energikjelde for lokal småindustri fram til byrjinga av 1900-talet. Capotostosjøen vart danna i 1930-åra då det vart bygd tre demningar på elva Fucino. Reservoaret gjev vatn til vasskraftverket i Vomanodalen.
Om vinteren frys innsjøen til og om hausten kjem mange til område for å nyte dei vakre fargane i den omliggande skogen.
Området rundt Campotostosjøen er ein del av eit naturreservat med lokale artar av bøk og piletre. Av dyreliv finn ein grevling, fasan og rev.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Campotostosjøen, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.