Combat Vehicle 90 eller CV 90 (Stridsfordon 90) er eit svensk pansra køyretøy produsert av BAE Systems underavdeling Land Systems Hägglunds.
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask |
Det finst i versjonar som mellom anna stormpanservogn, ambulanse, lett stridsvogn (med 105 og 120mm kanon), kommandovogn, bergingsvogn, eldleiingsvogn, mobil luftvernsvogn og våpenberar for 120mm bombekaster.
På midten av 1980-talet byrja Hägglunds på ein familie av kampkøyretøy for den svenske hæren. Fem prototypar vart levert i 1988. I mars 1991 bestilte den svenske hæren dei første serieproduserte køyretøya.
Leveransar av CV 90 byrja i 1993, og godt over 1000 stykke er vorte bestilt.
Pressemeldinga om kontrakten om levering av CV9030N til Noreg gjekk ut 21. april 1994 då ordren vart underteikna. Den første ordren var på 104 køyretøy, ein kontrakt på nesten 2 milliardar svenske 1994-kronar. Detta kom etter meir enn to år med utprøvninger av køyretøy frå fem ulike leverandørar.
24. februar 2015 kom den første av 41 heilt nye vogner Panserbataljonen i Brigade Nord frå BAE System sitt Hägglunds AB. Disse 41 supplerer Den eksisterande flåten til hæren på 103 stk CV9030 kampvogner, som skal oppgraderast.
Karosseriet til CV90 vernar mot 14,5mm panserbrytende ammunisjon. Den norske versjonen er i tillegg utstyrt med IBD Deisenroth MEXAS integrert, keramisk panserpakke. Denne vernar typisk mot 30 mm APFSDS eller panserbrytende, finnestabilisert, avfallsende plastkappe pilammunisjon. Kevlarduk vernar indre rom.
Det finst òg eigne kommando- og oppklaringsvogner med annan bestykning. Det finst òg eigne vogner for opplæring av vognførere.
CV90 er òg vorte utstyrt med AMOs (Advanced Mortar System), eit samarbeidsprosjekt mellom Patria og Hägglunds.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article CV90, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.