Bujumbura

Bujumbura er den største byen og den økonomiske hovudstaden i Burundi.

Bujumbura var hovudstad i landet fram til 2019, då stausen blei ført tilbake til Gitega. Byen ligg ved det nordaustlege hjørnet av Tanganyikasjøen og er ein viktig hamneby. I 1994 hadde han eit estimert folketal på 300 000.

Bujumbura
Horisonten til Bujumbura
Horisonten til Bujumbura
Styresmakter
Burundi Burundi
Geografi
Flatevidd 86,54 km²
Flatevidd
 - By

650 km²
Innbyggjarar
 - By (1996)
   - folketettleik

Om lag 300 000
  456/km²
Koordinatar 3°23′S 29°22′E / 3.383°S 29.367°E / -3.383; 29.367
Høgd over havet 794 m
Tidssone UTC+2 (UTC)
Diverse anna
Heimeside: http://www.mairiebujumbura.gov.bi
Plassering
Plassering av Bujumbura
Plassering av Bujumbura

I Bujumbura vert det mellom anna produsert tekstilar og såpe. Dei viktigaste eksportvarene i landet vert eksporterte herfrå, som kaffi, bomull, skinn og tinnmalm.

Bujumbura
Utsyn over stranda i Bujumbura vest for byen

Vekst

Bujumbura voks frå ein liten landsby etter han vart ein militærleir i Tysk Austafrika i 1889. Etter den første verdskrigen vart han det administrativet senteret i det belgiske folkeforbundmandatet Ruanda-Urundi. Namnet på byen vart endra frå Usumbura til Bujumbura då Burundi fekk sjølvstende i 1962. Sidan sjølvstendet har det ofte vore kampar i byen mellom dei to største etniske gruppene i landet, hutu-militsen mot den tutsi-dominerte hæren til Burundi.

Sentrumet av byen er ein koloniby med ein stor marknad, ein nasjonalstadion, ein stor moske, og ein katedral. Av museum i byen finn ein Burundi Livsmuseum og Burundi geologisk museum. Andre attraksjonar i nærleiken er Rusizi nasjonalpark, ein stein ved Mugere som visstnok er staden der David Livingstone og Henry Morton Stanley møttest (sjølv om ein meiner at møte deira fann stad i Ujiji i Tanzania), og kjelda til den sørlegaste sideelva til Nilen, lokalt kalla kjelda til Nilen.

Det går ferjer frå Bujumbura til Kigoma i Tanzania. I tillegg ligg Bujumbura internasjonale flyplass og Bujumbura universitet i byen.

I kulturen

Byen er òg staden der disneyfilmen George of the Jungle finn stad.

Kjelder

Tags:

BurundiGitegaTanganyikasjøen

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

MediaWikiÆrfuglGonzález IslandRefraksjonForvandlingaStøytionisasjonNile RodgersKevlarOksygenSkigardsviseHarald V av NoregForelskingDen europeiske unionenUkrainaGrenadaMatematikarRekreasjonGåsURLFrozenHerbert HooverSnikkarMusikkgruppa GåteAnagramDen dominikanske republikkenInformasjonsteknologiDei sameinte arabiske emirataByar i HellasEstlandSolgangsbrisMiddelhavetCanadaSvartehavetMariann Vestbøstad MarthinsenAda LovelaceMicrosoft WindowsIsAlderspensjonOdinNoregsmeisterskapen i fotball for menn 1973Kjell HovdaMayo ClinicFlåklypa Grand PrixStyresettHolbækErnst VettoriNord-KoreaDen gregorianske kalenderenEselDickey BettsLønnTørkeElon MuskWikiDekarHadjGunnhild SundliVM i skiskyting 1999NederlandskFinding NemoIrakFredrik SolvangKvigeBon Iver, Bon IverTangentMS-DOSElbaArne Kjell LarsenNasjonaldrikkJødedommenKjønnshårGotland🡆 More