Brune pinnar er ein type småkake som er kjend som julebakst i Noreg.
Kakene blir laga av kveitemjøl, smør, sukker, eggeplomme, sirup, natron, kanel og vaniljesukker. Deigen blir gjerne pressa ut til flate remser for hand. Remsene blir skorne i smale striper (pinnar) på skrå etter at dei er steikte, men framleis er varme. Ein kan pynta dei med egg, hakka mandlar og perlesukker.
På svensk blir ei lik eller liknande kake kalla kolakaka. Kola tyder 'karamell' på svensk.
Chokladsnittar er ei anna liknande svensk kake som har kakao i deigen.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Brune pinnar, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.